Historisk arkiv

Vi er på jakt etter Noregs beste tømrar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skal i haust dele ut heidersprisen ”Den gylne spikerpistol” til ein dyktig og kvalitetsmedviten tømrar. I heile november kan folk nominere sin kandidat, og underbyggje kvifor ho eller han bør få prisen.

- Alle som har hatt byggjeprosjekt heime, veit kor viktig dyktige og kompetente handverkarar er for det endelege resultatet. Eg oppfordrar alle som kjenner ein dyktig tømrar, til å nominere han eller ho til ”Den gylne spikerpistol”, seier Navarsete.

Prisen blir delt ut av statsråden i desember. I juryen sit representantar frå departementet, Byggenæringens Landsforening, Direktoratet for byggkvalitet, Byggmesterforbundet og Fellesforbundet. Otto Robsahm, mest kjend som ”sinnasnekker’n”, er også med i juryen. 

− Ein god handverkar leverer arbeid av høg kvalitet i alle ledd, yter god service og er stolt av faget sitt. Eg gler meg til å gå gjennom kandidatane saman med resten av juryen, og er sikker på at vi kjem fram til ein verdig vinnar av ”Den gylne spikerpistol”, seier Robsahm. 
 
Presseansvarlig, Jenny Kanestrøm Trøite: 22 24 67 77/900 24 610