Historisk arkiv

Høg valdeltaking blant 16- og 17-åringane som deltok i forsøk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ved dei tre førre kommunevala har berre 33 prosent av førstegongsveljarane stemt. Derfor er det gledeleg at 57,3 prosent av 16- og 17-åringane i kommunane som deltok i forsøket med nedsett stemmerettsalder stemte ved kommunevalet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ved dei tre førre kommunevala har berre 33 prosent av førstegongsveljarane stemt. Derfor er det gledeleg at 57,3 prosent av 16- og 17-åringane i kommunane som deltok i forsøket med nedsett stemmerettsalder stemte ved kommunevalet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar i forsøkskommunane ligg samla på 57,3 prosent, men varierer mykje mellom kommunane. I Luster låg valdeltakinga blant 16- og 17-åringane på heile 82 prosent, 9 prosent over den generelle valdeltakinga. 

I den største forsøkskommunen, Stavanger, låg deltakinga blant 16- og 17-åringane på 61,5 prosent, på høgd med den generelle valdeltakinga.
Det er enda ikkje tal tilgjengeleg for valdeltakinga for førstegangsveljarane  ved kommuneval mellom 18 og 21 år ved årets kommuneval, så vi veit enda ikkje om desse har høgare valdeltaking enn ved dei førre kommunevala.

- Vi hadde håpt og trudd at vi skulle greie å mobilisere fleire til å bruke stemmeretten sin ved dette valet. Eit lyspunkt her er valdeltakinga blant 16- og 17-åringane i dei 20 forsøkskommunane som prøver ut nedsett stemmerettsalder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Valdeltakinga blant 16- og 17-åringane ligg her langt over det som er vanleg for førstegongsveljarane. Vi har enno ikkje tal ved årets val når det gjeld den generelle valdeltakinga blant unge veljarar. Vi veit derfor ikkje om høgare valdeltaking er ein trend blant dei unge veljarane eller om det gjeld berre for ungdommane som deltok i forsøket, men ved dei tre førre vala har deltakinga blant førstegongsveljarar vore berre 33 prosent, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

FORELØPIGE TALL 14092011 kl. 1200

Kommnr Kommnavn Antall godkjente stemmegivninger fra 16/17 åringer Antall stemmeberettigede 16/17 åringer Fremmøte 16/17 åringer Fremmøte totalt i kommunen. Foreløpig* Opptellings status

0805

Porsgrunn 454 885 51,30 61 opptalt
0119 Marker 60 82 73,17  64,4 opptalt
0230 Lørenskog 505 919 54,95 63,6 opptalt
0403 Hamar 402 671  59,91 66,3 opptalt
0515 Vågå 62 87  71,26 66,9 opptalt
0621 Sigdal 57 92  61,96 62,2 opptalt
0716 Re 115 254  45,28 63,2 opptalt
0904 Grimstad 365 613  59,54 61,6 opptalt
1002 Mandal 242 409  59,17 61,2 opptalt
1122 Gjesdal 186 340  54,71 65 opptalt
1103 Stavanger 1933 3144 61,48 62,1 lite gjenstår
1244 Austevoll 79 143  55,24 72,8 opptalt
1426 Luster 120 146 82,19 73,1 opptalt
1633 Osen 17  29  58,62 73,3 opptalt
1725 Namdalseid 31 45 68,89 64,3 opptalt
1850 Tysfjord 36 61  59,02 76,1 opptalt
2004 Hammerfest 112 250 44,80 55,4 opptalt
2011 Guovdageainnu suohkan / Kautokeino 52 88 59,09 64,2 opptalt
1940 Gaivuona suohkan / Kåfjord 50 78 64,10 61,9 opptalt

1501

Ålesund 517 1078 47,96 59,1 opptalt
 
Gjennomsnitt 5395 9414 57,3082643

 

* Basert på godkjente stemmesedler. Blanke og forkastede ikke medregnet.