Momskompensasjon for idrettslaga sine anleggsinvesteringar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 18.12.2009
Regjeringa tek sikte på å foreslå for Stortinget å etablere ei ny og varig, rammestyrt momskompensasjonsordning for anleggsinvesteringar i regi av idrettslag. Ordninga vil gjelde frå 1.1 2010 av.
Regjeringa tek sikte på å foreslå for Stortinget å etablere ei ny og varig, rammestyrt momskompensasjonsordning for anleggsinvesteringar i regi av idrettslag. Ordninga vil gjelde frå 1.1 2010 av.
Ordninga skal avgrensast til å gjelde idrettslag som mottek spelemidlar, og vil bli løyvd over Kulturdepartementet sitt budsjett. Ordninga skal vere søknadsbasert og slik at storleiken på løyvinga vil avgjere kor stor del av momsutgiftene som vil bli kompenserte kvart år. Regjeringas forslag til endeleg løyving vil bli fremma i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010.
Les mer hos Finansdepartementet