Historisk arkiv

Styrking av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 144/06
Dato: 06.10.2006

Styrking av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Sogn og Fjordane med 3,2 millionar kroner.

Det er foreslått å auka løyvingane til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival med nærare 0,6 millionar kroner.

- Vi vil støtta opp under arbeidet med å gjera Førde Internasjonale Folkemusikkfestival til ein viktig arena i Norden for oppleving av tradisjonsmusikk frå heile verda, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Regjeringa foreslår også ein auke på 0,9 millionar kroner til Sogn og Fjordane Teater. Bokbyen i Fjærland får ein auke på 0,1 millionar kroner. Tilskotet til Dei Heibergske Samlingar er auka med 0,7 millionar kroner, mens Sogn Folkemuseum har fått ein auke på 0,5 millionar kroner.

- Kulturlyftet betyr at vi satsar på kultur i Sogn og Fjordane. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Mange ulike ordningar under Kulturrådet vil også koma Sogn og Fjordane til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.