Sterk satsing på kulturverksemda i Bergen og Hordaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 137/06
Dato: 06.10.2006
Sterk satsing på kulturverksemda i Bergen og Hordaland
Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Bergen og Hordaland på 33,2 millionar kroner.
- Regjeringa legg opp til ei brei kultursatsing i Bergen og Hordaland. Dette inneber m.a. ei sterk satsing i samband med Edvard Grieg-markeringa, uttalar kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Regjeringa foreslår vidare eit investeringstilskot på 10 millionar kroner til Museum for Visuell Kunst og Musikk. Drifta av museet er òg styrkt med 1,4 millionar kroner.
Auken til nokre dei andre kulturinstitusjonane i Bergen og Hordaland er fordelt slik:
4,9 millionar kroner til Bergen Filharmoniske orkester
4 millionar kroner til Edvard Grieg-markering
2,97 millionar kroner til Den Nationale Scene
1,7 millionar kroner til Den Nye Opera inkl. Opera Vest, Bergen
1,4 millionar kroner til Carte Blanche
1,1 millionar kroner til Museumssenteret i Salhus
0,8 millionar kroner til Bymuseet i Bergen
0,75 millionar kroner til Hordaland Teater
0,55 millionar kroner til Bergen Kunsthall
0,5 millionar kroner til Brak – Bergen Rock Aktører
0,5 millionar kroner til Hauge/Tveitt-jubileet
Ei rad andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Bergen og Hordaland til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.