Rockesatsinga held fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Tilskotet til musikkverkstader blir auka med vel 2,5 millionar kroner. Av desse skal 2 millionar gå til øvingslokale. Vidare er det lagt inn 1 million kroner til etablering av ei prøveordning med klubbstøtte for arrangørar og spelestader frå 2007.
Pressemelding
Nr.: 105/06
Dato: 06.10.2006
Rockesatsinga held fram
Regjeringa foreslår ein auke på 10,1 millionar til pop, rock og blues.
Tilskotet til musikkverkstader blir auka med vel 2,5 millionar kroner. Av desse skal 2 millionar gå til øvingslokale. Vidare er det lagt inn 1 million kroner til etablering av ei prøveordning med klubbstøtte for arrangørar og spelestader frå 2007. Turné- og arrangørstøtta for rock- og populærmusikk (TARP) blir styrkt med 1 million kroner.
– Klubbstøtteordninga er eit prøveprosjekt. Partane i musikklivet vil bli invitert til å koma med innspel til korleis vi skal organisera støtteordninga, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Tilskotet til etablering av eit opplevingssenter for pop og rock i Trondheim er auka med vel 1,5 millionar kroner. I tillegg vil Bergen Rock Aktører (BRAK) i 2007 få fast støtte med 0,5 millionar kroner.
Knutepunktfestivalar for blues og rock
Det er foreslått 3,6 millionar kroner i auke til knutepunktfestivalane. Her er det løyvt 1,5 millionar kroner til kvar ny knutepunktfestival for blues og rock.
– Vi vil i 2007 vurdera kva for festivalar som skal få slik status, seier statsråd Trond Giske.