Historisk arkiv

Kyrkjebudsjettet: - meir til trusopplæring og prestereform

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 130/06
Dato: 06.10.2006

Kyrkjebudsjettet: - meir til trusopplæring og prestereform

Budsjettforslaget for Den norske kyrkja er på 1282,6 millionar kroner for 2007. Det er ein auke på 5,8 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2006.

I budsjettforslaget er det foreslått ei opptrapping av løyvingane til trusopplæringsreforma med 24 millionar kroner. Den årlege innsatsen på området vil dermed ha nådd 100 millionar kroner.

Trusopplæringsreforma, som vart sett i gang frå 2004, er no halvvegs i ein femårig forsøks- og utviklingsfase. Meir enn 250 kyrkjelydar har til no fått statlege midlar for å delta i utviklinga av eit breitt og systematisk opplæringstilbod for barn og unge i Den norske kyrkja. Med opptrappinga av løyvingane i 2007 vil fleire kyrkjelydar få støtte til opplæringstilbod.

Kyrkjebudsjettet for 2007 representerer ein realauke i løyvingane til presteskapet på vel 7 millionar kroner. Formålet er å stimulera det omstillingsarbeidet som prestenesta er inne i. Trusopplæringsreforma og prestereforma er dermed i tråd med opplæringsplanen Stortinget har vedteke.


I budsjettet varslar regjeringa at ho vurderer å gi eit tilskot til istandsetjing av dei kyrkjene som er automatisk freda etter kulturminnelova, med finansiering frå Opplysningsvesenets fond og i eit omfang av inntil 30 prosent av istandsetjingskostnadene. Departementet vil koma tilbake til saka i revidert budsjett for 2007.