Historisk arkiv

Jazz får meir pengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa legg til rette for ei auka satsing på jazz med 3 millionar kroner.

Pressemelding

Nr.: 107/06
Dato: 06.10.2006

Jazz får meir pengar

Regjeringa legg til rette for ei auka satsing på jazz med 3 millionar kroner.

Tilskotet til Nasjonal jazzscene er foreslått auka med vel 1,5 millionar kroner.
Det er også foreslått 1 million kroner til Trondheim Jazzorkester.

– Det er første gongen vi får fast støtte til eit profesjonelt jazzensemble, noko som har vore eit ønske i lang tid, seier statsråd Trond Giske.


Vidare aukar tilskotet til Norsk Jazzarkiv med vel 0,1 million kroner.