38,6 millionar totalt i auka tilskot til operaverksemd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 113/06
Dato: 06.10.2006
38,6 millionar totalt i auka tilskot til operaverksemd
Regjeringa gjer framlegg om at Den Norske Opera får eit driftstilskot på 296,4 millionar kroner for 2007. Dette er ein auke på 34,9 millionar kroner i høve til 2006.
Auken er ledd i ei opptrapping som starta i 2004 og som vil halda fram til Den Norske Opera har fått den dimensjoneringa som drifta i det nye huset føreset.
3,7 millionar til styrking av region- og distriktsoperafeltet
Tilskota til Steinvikholm musikkteater og
Ringsakeroperaen blir styrkte med vel 0,3 millionar kroner kvar,
mens Operaen i Kristiansund får ein auke på 0,9 millionar kroner.
Opera Sør får ein auke på 0,4 millionar kroner.
I Bergen vart Den Nye Opera etablert i 2006 og mottok eit
statstilskot på 0,5 millionar kroner. Opera Vest har oppretta eit
positivt samarbeid med stiftinga. Frå 2007 foreslår departementet
eit samla tilskot til Den Nye Opera og Opera Vest på 4,1 millionar
kroner, som er ei styrking på 1,7 millionar kroner.
Vest Norges Opera har førebels vore meir avventande til
invitasjonen om samarbeid. Tilskotet til Vest Norges Opera er
foreslått redusert til 1 million kroner i 2007.