Historisk arkiv

Den største barnehagesatsinga nokosinne i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Budsjettforslaget til Regjeringa legg til rette for å etablere 19 300 heiltidsplassar i 2007, den sterkaste veksten i barnehageplassar nokon gong.

Pressemelding

Nr.: 64-06
Dato: 6.oktober

Den største barnehagesatsinga nokosinne i 2007

Budsjettforslaget til Regjeringa legg til rette for å etablere 19 300 heiltidsplassar i 2007, den sterkaste veksten i barnehageplassar nokon gong. Det er foreslått å auke dei øyremerkte løyvingane med totalt 3,2 milliardar kroner til barnehageformål.

Full barnehagedekning er ei hovudprioritering for Regjeringa i statsbudsjettet for 2007. Av den totale løyvingsauken er det sett av 1,24 milliardar kroner til å etablere nye plassar. Det skal gi barnehageplass til 15 800 nye barn, noko som tilsvarer overslaget over barn som står på venteliste ved inngangen til 2007.

For å auke utbyggingstakten i barnehagesektoren foreslår Regjeringa at det frå 1. januar 2007 blir innført ei særskild tilskotsordning til etablering av permanente barnehageplassar i mellombelse lokale. Ordninga skal stimulere barnehageeigarar til å leggje til rette for mellombelse lokale som gir fast barnehageplass før den permanente barnehagen er ferdig. Då kan kommunane nå målet om full barnehagedekning i 2007. Krava til kvaliteten på og innhaldet i desse plassane er dei same som for plassar i permanente barnehagelokale. Tilskotstildelinga føreset at det er konkrete planar om å etablere ein permanent barnehage. Satsen for tilskotet er sett til 8400 kroner per barn for ein heiltidsplass og 4200 kroner per barn for ein deltidsplass.

Regjeringa forslår at den maksimale foreldrebetalinga for ein heiltidsplass i 2007 blir ført vidare på det same reelle nivået som i 2006. Det vil seie at foreldrebetalinga blir prisjustert og skal vere på 2330 kroner per månad eller 25 630 kroner på årsbasis.

Det er foreslått å vidareføre styrkinga av midlane til kompetanseutvikling i barnehagane på 50 millionar kroner frå 2006 i 2007. Dessutan skal departementet hausten 2006 starte arbeidet med ein strategi for å heve kompetansen i barnehagesektoren.

Regjeringa tek sikte på å lovfeste retten til barnehageplass frå 1. januar 2009. Det bør vere samanheng mellom det finansielle ansvaret og det framtidige ansvaret til kommunane for å oppfylle retten til barnehageplassar. Regjeringa vil derfor innlemme tilskota til barnehagar i rammefinansieringa for kommunane frå den same datoen

Kontaktpersonar:

Rådgjevar SandeSander Tufte, 22 24 77 64

Avdelingsdirektør HHanne Yssen, 22 24 77 37