Historisk arkiv

Regjeringa set ned eit lovutval som skal vurdere juryordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har i dag oppnemnt eit lovutval som skal vurdere juryordninga si framtid.

Regjeringa har i dag oppnemnt eit lovutval som skal vurdere juryordninga si framtid. 

- Det har i den seinere tida vore atskillig debatt om juryordninga, seier justisminister Knut Storberget. - Dette utvalet vil gå grundig inn i alle dei viktige spørsmåla knytta til ordninga og eventuelt foreslå endringar. Det er viktig med ei brei løysing, som sikrar lekmannsinnslaget i norske domstoler. Dette er en viktig del av det norske demokratiet, sier justisminister Knut Storberget. 

Jury (lagrette) blir i dag nytta i straffesaker i lagmannsrettane der strafferamma er meir enn seks års fengsel. Utvalet skal mellom anna vurdere om juryordninga bør halde fram, eller bli endra eller erstatta av meddomsrett. Utvalet skal óg vurdere om det er mogleg å lage ei ordning der juryen skriftleg grunngjev si avgjerd om skuldspørsmålet. Utvalet får frist til 1. juni 2011 med å avgje si utgreiing til Justisdepartementet.

Utvalget blir breitt samansett, og har 10 medlemmar – 5 kvinner og 5 menn. Utvalets leiar blir lagdommar Per Jordal i Gulating lagmannsrett. Han har røynsle som advokat, dommar og statssekretær ved Statsministerens kontor. 

Utvalet er satt sammen slik:

Leiar: Lagdommar Per Jordal, Gulating lagmannsrett

Medlemmar:

Fyrstelagmann Dag Bugge-Nordén, Skien
Professor Ragnhild Hennum, Oslo
Banksjef Helge Leikvik, Torsken
Advokat Racha Maktabi, Bærum
Statsadvokat Stina Sveier Nielsen, Kristiansand
Advokat Berit Reiss-Andersen, Oslo
Fylkesmann Inge Ryan, Levanger
Tidl. fylkesmann Mona Røkke, Tønsberg
Professor Asbjørn Strandbakken, Bergen