Delutgreiing frå utvalet for klagesaksbehandling på utlendingsfeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 40 - 2010 | Dato: 07.04.2010
Utvalet som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet, har i dag lagt fram ei delutgreiing for justisminister Knut Storberget.
Øystein Mæland, leiaren av utvalet, og justisminister Knut Storberget. |
Utvalet som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet, har i dag lagt fram ei delutgreiing for justisminister Knut Storberget.
Utvalet skal leggje fram ein NOU innan 1. desember i år, men blei bedt om å forsere delar av arbeidet. Denne delutgreiinga omhandlar spørsmålet om departementet bør ha utvida instruksjonsmyndigheit ovafor Utlendingsnemnda (UNE).
– Eg takkar for delutgreiinga som Øystein Mæland har gjeve meg i dag. Regjeringa ønskjer at sakshandbehandlinga skal vere så rask som mogeleg. Det er mest humant, både for dei som får bli og dei som må reise. Difor vil regjeringa, med bakgrunn i tilrådingane frå utvalet, vurdere korleis klagesaksbehandlinga best bør organiserast for å ivareta behovet for politisk styring, rettstryggleik, effektiv saksbehandling samt legitimitet, seier justisminister Knut Storberget.
Utvalet tilrår at departementet får utvida høve til å gje generelle instruksar til UNE, slik departementet i dag kan gjere ovafor Utlendingsdirektoratet. Utvalet tilrår ikkje at departementet skal kunne instruere UNE når det gjeld vurderinga av asyl.
Kontaktinformasjon: Øystein Mæland (utvalsleiar) mob. 93 42 44 81.