Utval skal etterkontrollere metodebruken i politiet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 22 - 2008 | Dato: 15.02.2008
Kongen i statsråd nemnde i dag opp eit utval som skal etterkontrollere lovgjevinga om dei inngripande etterforskingsmetodane. Føremålet er å kartleggja om lovendringane har verka etter si hensikt.
Kongen i statsråd nemnde i dag opp eit utval som skal etterkontrollere lovgjevinga om dei inngripande etterforskingsmetodane. Føremålet er å kartleggja om lovendringane har verka etter si hensikt.
Kampen mot organisert og annan alvorleg kriminalitet er ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa. For å nå måla om å førebyggje betre, oppklare meir, handsame sakene raskare og rehabilitere betre ved nedkjempinga av slik kriminalitet, er det ei føresetnad at politiet og påtalemakta kan ta i bruk effektive metodar.
- Rettstryggleik og personvern skal vere retningsgjevande for utvalet sine vurderingar, seier justisminister Knut Storberget.
I løpet av dei siste åra har politiet og påtalemakta fått tilgang til ei rekke nye metodar. Det er òg sett i verk fleire andre lovtiltak med sikte på å nedkjempe organisert og annan alvorleg kriminalitet: Kjelder, informantar og vitne i straffesaker har fått betre vern, for eksempel i form av anonym vitneførsel. Domstolen er gjeven utvida høve til å avgrense dokumentinnsyn og provføring for å verne kjelder og informantar.
Ei føresetnad for desse lovendringane var at det etter nokre år skulle bli vurdert om etterforskningsmetodane har verka etter sitt føremål, og om omsyna til personvern og rettstryggleik for den mistenkte og andre i saka er tilstrekkeleg tekne vare på. Dei spørsmål etterkontrollen reiser er av ein slik art at det er naturleg å gje oppgåva til eit breitt samansett utval.
Utvalet vil òg få i mandat å greie ut nokre andre spørsmål. Det skal vurdere heilskapleg dei straffeprosessuelle reglane om dokumentinnsyn. Det er mellom anna trong for ei samla gjennomgåing av kva som skal reknast som dokument i saka. Utvalet skal òg gjere framlegg om straffeprosessuelle reglar om dataavlesing, samt sjå nærare på teieplikta for advokatar, politiet og påtalemakta i straffesaker. Utvalet skal vidare sjå til at regelverket om kommunikasjonskontroll og romavlytting i tilstrekkeleg mon sikrar og respekterer pressen sin rett til kjeldevern.
- Eg er særs nøgd med den samansetjinga utvalet har fått, og eg er trygg på at det vil løyse oppgåvene på ein god måte, seier justisministeren. I tillegg til dei relevante aktørane i strafferettspleia, er det med to professorar og eit medlem utan tilknyting til handsaminga av straffesaker. Utvalet skal trekkje inn pressen sine organisasjonar når det handsamar spørsmål som gjeld pressa, og naudsynt kompetanse frå ekomtilbydarar og ekommyndigheiter ved utgreiing som gjeld desse.
Utvalet er sett saman slik:
Sorenskrivar Nils Terje Dalseide, leiar, Elverum
Advokat John Christian Elden, Oslo
Professor dr. juris Erling Johannes Husabø, Indre Arna
Lagdommar Monica Hansen Nylund, Tromsø
Politifyrstebetent Unni Irene Pedersen, Vestre Jakobselv
Professor dr. juris Dag Wiese Schartum, Oslo
Assisterande sjef for ØKOKRIM, Trond Eirik Schea, Oslo
Prosjektdirektør i Helse-Sørøst RHS, Ingjerd Schou, Spydeberg
Politiinspektør i PST, Maria Collett Sælør, Bærum
Kontaktpersonar:
Utvalsleiar, Nils Terje Dalseide, tlf. 90 12 52 52
Justisdepartementet, Marianne Vollan, tlf. 22 24 53 12
Mandatet finn du her.