Storsatsing på kriminalomsorgen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Justis- og politidepartementet
statsbudsjett
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Regjeringa vil opprette 316 nye soningsplasser i 2006 og 2007. Det er den største aukinga på lang tid. I tråd med Soria-Moria erklæringa har kapasitetsutvidingar i kriminalomsorga vore prioritert.
Pressemelding
Nr.: 98 - 2006
Dato: 06.10.2006
Regjeringa vil i 2006 og 2007 opprette 316 nye soningsplasser. Det er den største aukinga på lang tid. I tråd med Soria-Moria erklæringa har kapasitetsutvidingar i kriminalomsorga vore prioritert.
- Nye fengselsplassar og auka kapasitet ved friomsorgskontora var mellom dei første tiltaka i Regjeringa sin plan for å redusere soningskøa, seier justisminister Knut Storberget, som karakteriserer budsjettet for justissektoren som ei storsatsing på kriminalomsorgen.
For 2007 vil Regjeringa vidareføre denne satsinga, og aukar løyvingane knytt til kriminalomsorga med om lag 290 millionar kroner i forhold til saldert budsjett 2006. Det skal mellom anna dekkje heilårsverknaden av tiltaka frå 2006 og å opprette 68 nye fengselsplassar i 2007. Vidare har Regjeringa foreslått ei løyving på 134,5 millionar kroner til bygging av Halden fengsel som vil ha 251 plassar når fengselet står klar til bruk i 2009. Regjeringa vil óg ta inn 50 ekstra aspirantar ved KRUS hausten 2007 og auke løyvingane særleg til opplæring, men også til bibliotek, fengselspresteteneste og helseteneste for innsette på Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet sine budsjett. Samla inneber satsinga ei auke på 316 nye sonigsplassar og ei auke i løyvinga knytt til kriminalomsorga på om lag 450 millionar kroner i løpet av 2006 og 2007.
Satsinga på kriminalomsorga i 2007 skal mellom anna gå til:
- heilårsverknad av kapasitetsutvidingar og styrking av friomsorga frå 2006, 68 fleire fengselsplassar i 2007 og til tiltak for innsette med rusmiddelproblem (om lag 110 millionar kroner)
- tilbod for domfelte/innsette under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet (27,75 millionar kroner)
- heilårsverknaden av auka klasseopptak ved KRUS i 2006, eit opptak på 150 aspiranter og eit ekstra opptak av 50 aspirantar hausten 2007 (36,7 millionar kroner)
- byggeløyving til Halden fengsel (134,5 millionar kroner).
Aktuelle lenker