Historisk arkiv

Auke redningsberedskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

statsbudsjett

Regjeringa foreslår å auke beredskapen i nordområda, og å løyve 16,5 millionar kroner for å etablere døgnkontinuerleg tilstadevakt ved redningshelikopterbasen i Bodø i løpet av andre halvår 2007.

Pressemelding

Nr.: 99 - 2006
Dato: 06.10.2006

Auke redningsberedskap

Regjeringa foreslår å auke beredskapen i nordområda, og å løyve 16,5 millionar kroner for å etablere døgnkontinuerleg tilstadevakt ved redningshelikopterbasen i Bodø i løpet av andre halvår 2007.

I tillegg vert det løyvd 6,8 mill. kr til heilårsverknad av tilstadevakt ved redningshelikopterbasen på Banak som vart oppretta 1. juli 2006. Dermed er begge basane i Nord-Noreg sikra døgnkontinuerleg tilstadevakt.

Regjeringa meiner redningshelikopterberedskapen på Nord-Vestlandet bør betrast, og Justisdepartementet arbeider derfor med sikte på etablering av ein redningshelikopterbase i Florø med tilstadevakt frå oppstart.

Aktuelle lenker

Finansdepartementets budsjettportal

Justis- og politidepartementets budsjettportal