Regjeringa styrkjer arbeidet mot rømming av oppdrettsfisk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 29.10.2006
– Rømming er framleis ei av dei store utfordringane innan norsk havbruk, og det er nødvendig med arbeid på mange frontar for å få rømmingstala ned, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. I budsjettforslaget går regjeringa inn for å styrkje innsatsen mot rømming, medrekna den nye rømmingskommisjonen. Det er også forslag om å styrkje løyvinga til oppfølging og evaluering av nasjonale laksefjordar og laksevassdrag.
Pressemelding
Nr.: 83/2006
Dato: 06.10.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim 22 24 64 60 / 90 57 09 41
Informasjonsrådgjevar Sigbjørn Larsen tlf. 22 24 65 04 mob. 976 24 678
– Rømming er framleis ei av dei store utfordringane innan norsk havbruk, og det er nødvendig med arbeid på mange frontar for å få rømmingstala ned, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. I budsjettforslaget går regjeringa inn for å styrkje innsatsen mot rømming, medrekna den nye rømmingskommisjonen. Det er også forslag om å styrkje løyvinga til oppfølging og evaluering av nasjonale laksefjordar og laksevassdrag.
Fiskeridirektoratet la i 2006 fram ein tiltaksplan mot rømming – ”Visjon nullflukt”. Viktige element i tiltaksplanen er betre forvaltingsverkty og meir målretta og risikobasert kontrollinnsats.
Sommaren 2006 oppnemnde Fiskeri- og kystdepartementet ein fast kommisjon for rømming av oppdrettsfisk. Kommisjonen skal innhente informasjon og gjere undersøkingar med sikte på å finne årsaka til alvorlege rømmingar og anleggshavari. Kommisjonen skal også arbeide systematisk for å redusere risiko for rømmingar og havari ved informasjon og fremme nødvendige forslag til endringar i regelverk, standardar med meir.
Regjeringa foreslår i budsjettforslaget å styrkje Fiskeridirektoratet sitt budsjett med 2 millionar kroner til oppfølging av arbeidet mot rømming.
Fiskeri- og kystdepartementet har i samarbeid med Miljøverndepartementet etablert eit nasjonalt overvakings- og evalueringsprogram for å følgje opp ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Havforskingsinstituttet vil få eit spesielt ansvar for å overvake rømmingssituasjonen og for å skaffe tilstrekkeleg kunnskap om effektane av tiltak mot rømmingar. Mengde og vandring av rømt oppdrettsfisk i ulike sonar vil også bli kartlagt for å utvikle funksjonelle overvakingsrutinar.
Det er forslag om å auke Havforskingsinstituttet sitt budsjett med 2 millionar kroner til oppfølging av dette.
Les også: Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk «Visjon nullflukt»
Budsjett 2007
- Fiskeri- og kystdepartementets fagproposisjon
(også i utskriftsvennlig versjon – PDF-format) - Oversiktsside over alle budsjettdokumenter
Andre pressemeldinger fra Fiskeri- og kystdepartementet:
- Marin verdiskaping langs hele kysten
- Nytt marint verdiskapingsprogram
- Økt innsats mot ulovlig, uregulert og urapportert fiske
- Ytterligere styrking av dokumentasjon av fremmedstoffer i sjømat
- Norsk-indisk samarbeid om forskning på dyre- og fiskevaksiner
- Kommunale hamner – omlegging av meirverdiavgift