Historisk arkiv

Nytt marint verdiskapingsprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

I forslaget til statsbudsjett for 2007 går regjeringa inn for å opprette eit nytt marint verdiskapingsprogram, med ei ramme på 75 millionar kroner. – Programmet skal leggje til rette for omstilling og utvikling i bedrifter i fiskeri- og havbruksnæringa, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Pressemelding

Nr.: 81/2006
Dato: 06.10.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen tlf. 22 24 64 10 mob 480 64 549
Informasjonsrådgjevar Sigbjørn Larsen tlf. 22 24 65 04 mob. 976 24 678

Nytt marint verdiskapingsprogram

I forslaget til statsbudsjett for 2007 går regjeringa inn for å opprette eit nytt marint verdiskapingsprogram, med ei ramme på 75 millionar kroner. – Programmet skal leggje til rette for omstilling og utvikling i bedrifter i fiskeri- og havbruksnæringa, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Programmet skal fremme auka marknadsorientering i den norske sjømatnæringa, og vidarefører innrettinga i det marine innovasjonsprogrammet som starta i 2006 med ei løyving på 40 millionar kroner.

Hovuddelen av auken på 35 millionar kroner skal styrke lønsamt marint næringsliv i område med særlege omstillingsbehov. Denne delen av programmet skal samordnast med region- og distriktspolitikken til regjeringa.

Torsk i oppdrett og fangstbasert akvakultur er prioriterte i programmet, sidan torsk er den nye oppdrettsarta som ein meiner har størst kommersielt potensial etter laks og aure. Oppdrett og levandefangst av torsk kan fremme stabil råstofftilgang til industrien og medverke til å nå målet om auka tilbod av produkt basert på ferskt råstoff.

Det skal arbeidast for kommersiell utnytting av marine biprodukt, mellom anna gjennom bioteknologiske metodar.

Nisjemarknader som til dømes økologisk oppdretta fisk kan innebere nye moglegheiter for utsette kystsamfunn, og skal ha plass i programmet. Det same gjeld tiltak for å styrkje posisjonen marine produkt har i marknadene gjennom merking, sporing og betra logistikk, og utvikling innan teknologi, kompetanse og tenester i kystnære samfunn. Utvikling av reiselivsprodukt basert på marine ressursar er også ei prioritering i programmet.

Hovuddelen av midlane i programmet skal forvaltast av Innovasjon Noreg.

Budsjett 2007

Andre pressemeldinger fra Fiskeri- og kystdepartementet: