Historisk arkiv

Kommunale hamner — omlegging av meirverdiavgift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Dei kommunale hamnene blir tekne inn i meirverdiavgiftsområdet med verknad frå 1. januar 2007. Endringa inneber at hamnene får føre til frådrag inngåande meirverdiavgift til investeringar og drift som blir finansiert med hamneavgifter.

Pressemelding

Nr.: 86/2006
Dato: 06.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37/ 91 54 42 35

Kommunale hamner - omlegging av meirverdiavgift

Dei kommunale hamnene blir tekne inn i meirverdiavgiftsområdet med verknad frå 1. januar 2007. Endringa inneber at hamnene får føre til frådrag inngåande meirverdiavgift til investeringar og drift som blir finansiert med hamneavgifter.

– Dette vil medføre reduserte kostnader og administrative forenklingar for hamnene, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. - Med denne omlegginga unngår ein at meirverdiavgift blir velta over på transportørane. Det legg til rette for at brukarane av hamnene får lågare kostnader, seier Pedersen.

Dette er eit bidrag til at hamnene kan tilby tenester med lågast mogleg kostnader, og at dei kommunale hamnene får same rammevilkår som private hamner. Omlegginga inneber også at hamnene blir likestilte med annan transportinfrastruktur.

Budsjett 2007

Andre pressemeldinger fra Fiskeri- og kystdepartementet: