Historisk arkiv

Oscarshall skal rehabiliterast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 39/2006
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Signe Horn, t. 926 03 520

Oscarshall skal rehabiliterast

Regjeringa foreslår at ein set i gang med indre og ytre rehabilitering av Oscarshall Slott i 2007. Arbeidet skal gå over tre år og vil samla koste 80 millionar kroner. For 2007 vert det gjort framlegg om 15 millionar kroner til den innvendige restaureringa, medan midlar til den ytre delen vert dekt over vedlikehaldsbudsjettet til Statsbygg.

- Oscarshall Slott er eit av dei viktigaste nasjonale kulturminne i Noreg, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Statsråden peikar på at lystslottet vert rekna som hovudverket i nygotikken i Noreg. Anlegget er bygd i perioden 1849-1852.

Sett under eitt er Oscarshall eit av dei viktigaste nasjonalromantiske minnesmerka vi har. Hovudbygningen er eit tidleg eksempel på eit gjennomarbeidd stykke arkitektur og innreiingskunst med eit heilskapleg preg der kjende norske kunstnarar fekk i oppdrag å utføre dekorasjonane.

Anlegget ber preg av manglande naudsynt vedlikehald. Trongen for rehabilitering gjer at anlegget må stengjast. Rehabiliteringsprosjektet vert utført av Statsbygg og Det Kongelege Hoff. Ein tek sikte på å gjenopne anlegget for publikum i 2009.