Historisk arkiv

Utviding av kvoten for overføringsflyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår å auke kvoten for overføringsflyktningar i 2007, frå 1000 til 1200 plassar. Målet er å utvide kvoten til 1500 i løpet av regjeringsperioden.

Pressemelding

Nr.: 115/8
Dato: 06.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Thor Arne Aass, 22 24 71 70, mobil 917 52 619

Utviding av kvoten for overføringsflyktningar

Regjeringa foreslår å auke kvoten for overføringsflyktningar i 2007, frå 1000 til 1200 plassar. Målet er å utvide kvoten til 1500 i løpet av regjeringsperioden.

Norske styresmakter har sett i gang konsultasjonar med FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) som grunnlag for avgjerda om kva grupper som skal prioriterast på neste års kvote. Det er enno ikkje tatt endeleg stilling til kva flyktninggrupper Noreg skal ta imot neste år. I år er burmesiske flyktningar i Thailand og Malaysia og kongolesiske og burundiske flyktningar i Malawi og Zambia, prioriterte. Det kan vere aktuelt å vidareføre uttak frå desse områda også i 2007.

– For regjeringa er det viktig at kvoten blir brukt til å gi vern til enkeltflyktningar som er i ein utsett situasjon, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Verda har i dag færre flyktningar enn på 20 år. Ein større del enn tidlegare har likevel blitt sitjande fast i langvarige flyktningsituasjonar utan løysing. Regjeringa vil at også desse flyktningane skal få høve til å byggje ei verdig framtid i Noreg.

Med utvidinga av kvoten er det berre USA, Canada, Australia og Sverige som i samarbeid med UNHCR tar imot fleire overføringsflyktningar enn Noreg.