Koronasituasjonen: Pressemøte om korona-viruset
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 47/20 | Dato: 14.03.2020
Statsminister Erna Solberg er tilgjengeleg for pressa for å svare på spørsmål om regjeringas handsaming av korona-pandemien.
Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1
Tidspunkt: Laurdag 14. mars kl. 18.00
Pressemøte om korona-viruset
Sjå sendinga her
Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1403 i emnefeltet. Innsendingsfrist klokka 1815. Avsender-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.
Vi ber om at pressa kjem seinest klokka 1745. Alle må ha gyldig pressekort og ID for å sleppe inn.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me ber derfor redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar frå kvart mediehus til eit minimum. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.
Pressekonferansen vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette er Lars-Svanberg.Jakobsen@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.