Koronasituasjonen: Pressekonferanse om korona og reiser
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 107/20 | Dato: 25.06.2020
Statsminister Erna Solberg og statsrådane Iselin Nybø, Bent Høie og Ine Eriksen Søreide inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen og reiser.
Pressekonferanse om korona og reiser
Sjå sendinga her
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og fagdirektør Frode Forland frå Folkehelseinstituttet vil óg vere til stades.
Tidspunkt: Torsdag 25. juni kl. 16.00.
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20
Oppmøte for presse seinast kl. 15.45. Ta med gyldig pressekort og ID. Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressebriefen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post camilla.pettersen@nfd.dep.no.
Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Per Aubrey Bugge Tenden, telefon 90 09 10 62, e-post pat@hod.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post trude.maseide@mfa.no.