Statsbudsjettet 2021
Trygg, effektiv og framtidsretta vegtransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 165/20 | Dato: 07.10.2020
- Eit viktig arbeid i 2021 vil vere å halde Noreg på beina gjennom koronakrisa. Eitt av tiltaka er å vidareføre satsinga på vegutbygging som denne regjeringa har starta. Neste år finn vi midlar til å vidareføre satsinga på vedlikehald og til at fleire nye vegstrekningar kan starte opp. Det bidrar til arbeidsplassar, tryggare vegar og betre framkome over heile landet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å løyve om lag 36,3 milliardar kroner til vegformål. 5,8 milliardar kroner av dette går til selskapet Nye Veier AS.
- Løyvinga til vegformål er framleis formidabelt høg. Vegane i Noreg er livsnerven i samfunnet vårt. Dei held hjula i gang, både for vanlege folk og næringslivet. Derfor skal vi vedlikehalde og fornye dei vegane vi har, men vi set òg i gang nye prosjekt, seier Hareide.
Fleire nye vegstrekningar kan starte utbygginga
Fem prosjekt hos Statens vegvesen kan få oppstart i løpet av 2021:
- E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken fylke
- E39 Myrmel – Lunde i Vestland fylke
- E39 Lønset – Hjelset i Møre og Romsdal fylke
- E39 Ørskogfjellet, krabbefelt i Møre og Romsdal fylke
- Rv. 4 Roa – Gran grense inkludert Jaren-Lygnebakken i fylka Innlandet og Viken
- I disse fem store prosjekta har vi sett av midlar til førebuande arbeid som gjer det mogleg med byggestart i 2021, om alt går etter planen. Vi legg òg til rette for byggestart for prosjektet rv. 509 Sør-Tjora–Kontinentalvegen (Transportkorridor vest) i Rogaland fylke. Dette prosjektet er fullfinansiert med bompengar gjennom Bymiljøpakken, seier Hareide.
I porteføljen til Nye Veier kan følgjande prosjekt få oppstart i 2021:
E6 Kvænangsfjellet i Troms og Finnmark, E6 Kvithammer-Åsen og E6 Ulsberg-Vindåsliene i Trøndelag, E6 Moelv-Roterud, E6 Roterud-Storhove og E6 Storhove-Øyer i Innlandet og E39 Herdal-Røyskår i Agder.
I tillegg set regjeringa av midlar til førebuande arbeid på følgjande strekningar: E8 Sørbotn – Laukslett i Troms og Finnmark fylke, E10/rv. 85 Hålogalandsveien i Nordland og Troms og Finnmark fylker og rv. 555 Sotrasambandet i Vestland fylke.
Vedlikehaldsetterslepet blir redusert
- Denne regjeringa har sytt for å redusere vedlikehaldsetterslepet, for første gong på mange tiår. Det held vi fram med i 2021. Neste år blir reduksjonen på om lag 1,5 milliardar kroner. Det er vi godt nøgde med. Vi må ta vare på det vi allereie har. I ein del tilfelle er vedlikehaldsutbetringar vel så gode løysingar som ny veg, seier samferdselsministeren.
Nullvisjonen om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadd er ein sentral del av arbeidet i vegsektoren.
- Trafikktryggleik er viktig for oss. Pengar til målretta trafikktryggleikstiltak, utbetringsstrekningar, nye investeringar, trafikant- og køyretøytiltak og drift og vedlikehald skal saman bidra til auka trafikktryggleik. Folk skal oppleve at det er trygt å køyre på norske vegar. Det må vi jobbe for, seier Hareide.
100 millionar kroner til fylkesvegar
Fylka er ansvarlege for fylkesvegane og finansierer i hovudsak utgifter til desse vegane. Regjeringa foreslår i tillegg 100 millionar kroner til tilskotsordninga til fylkesvegar som er viktige for næringstransporten.
- Vi følgjer opp med pengar til den tilskotsordninga vi oppretta i fjor. Sjølv om fylkesvegane er fylkeskommunane sitt ansvar, har ein del av desse vegane mykje næringstransport som er viktig for heile Noreg. Gjennom denne tilskotsordninga kan fylkeskommunar søkje om pengar til å utbetre slike viktige vegar. Dette kjem heile landet til gode, seier samferdselsministeren.
Reduserte bompengar
Regjeringa foreslår 1 435 millionar kroner til tilskot til reduserte bomtakstar utanfor byområda. Dette er ei vidareføring av nivået i saldert budsjett 2020. Det er sett av 376,5 millionar kroner til å redusere bompengar i følgjande prosjekt:
– E18 Arendal–Tvedestrand i Agder
– Rv. 3/rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet.
- I tillegg har om lag 40 prosjekt fått lovnad om tilskot i 2021. Samferdselsdepartementet vil betale ned bompengegjeld, redusere bompengetakstar og fjerne bom på sideveg i fleire prosjekt, seier samferdselsministeren.
Forbetra ferjetilbod
Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve om lag 1,6 milliardar kroner. Rutetilbodet blir i stor grad vidareført frå 2020. Det blir auka frekvens og kapasitet ved oppstart av nye ferjekontraktar i drift av E39 Molde–Vestnes og E39 Halsa–Kanestraum. Mot slutten av 2021 skal den første hydrogenelektriske ferja i verda setjast inn på ferjesambandet rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Skipavik i Rogaland.