Noreg og Færøyane einige om makrellavtale for 2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 16.07.2021
- Eg er glad for at Noreg og Færøyane vidarefører avtalen om gjensidig høve til å fiske i kvarandre sine soner. Eg er særleg fornøgd med at Færøyane no opphever plikta til å lande makrell fiska i norske farvatn til bedrifter på Færøyane, slik at færøyske fartøy igjen kan lande makrellfangstar hos norske mottak, seier fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebrigtsen.
Noreg og Færøyane er einige avtale for 2021 om gjensidig høve til å fiske makrell i kvarandre sine soner. Færøyske fartøy skal kunne fiske inntil 83 524 tonn i norske farvatn, noko som tilsvarer 50 prosent av Færøyenes nasjonale makrellkvote. I tidlegare år har Færøyane kunne fiske 35 prosent av den nasjonale kvoten sin i norske farvatn. Eit nytt og viktig element er at Færøyske styresmakter opphever delar av landingsplikta for Færøyske fartøy, slik at all makrell som blir fiska i norske farvatn også kan landast i Noreg.
Norske fartøy skal kunne fiske inntil 83 524 tonn av den norske makrellkvoten i farvatn under færøysk jurisdiksjon.