Ny fiskeriavtale med Grønland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.12.2018
Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2019.
- Eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om ein kvoteavtale for 2019. Dette er ein god avtale for norsk næring, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Kvotane blir vidareførd på same nivå som for 2018. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet.
Grønland sin kvote i Barentshavet i 2019 er satt til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 500 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 300 tonn bifangst av andre artar.
Dei norske blåkveitekvotane på 900 tonn ved Vest-Grønland og 400 tonn på Øst-Grønland, er vidareførde. Torskekvoten blir vidareførd med 1 200 tonn, botnlevande uer vidareføras med 1 000 tonn, og kveitekvoten med 10 tonn. Skolestkvoten på 100 tonn ved Øst-Grønland vidareføres. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.
Forskingssamarbeidet blir vidareførd for blåkveite, torsk, uer og håkjerring. Partane fortsetter også eit fleirårig forskingsprogram om effektane av klimaendringane på fiskebestandane og økosystema i vestnordiske farvatn.
Du kan lese avtalen her: