Historisk arkiv

Fiskeriavtale mellom Noreg og Færøyane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Færøyane er einige om kvoteavtale for fisket i 2019.

- Avtalen med Færøyane gir sikkerheit for norske fiskarar. Det var derfor viktig at vi også for 2019 fekk på plass ein avtale, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik. 

Noreg og Færøyane er einige om ein bilateral avtale om kvotebyte for 2019.

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 300 tonn lange/blålange, 1 921 tonn brosme, 100 tonn sei og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 5 979 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone. 

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland. Norske fartøy kan fiske opp til 30 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2019 i færøyske farvatn.

Protokoll