Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2015:

Meir forsking og innovasjon i næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland legg opp til ei omfattande satsing på forsking og innovasjon i næringslivet i regjeringas forslag til budsjett. Samla er auken til dei landsdekkande og generelle verkemidla på nesten 300 millionar kroner.

Regjeringa styrkar norsk konkurransekraft for å sikre og skape nye arbeidsplassar, og skape eit næringsliv vi kan leve av framover.

– Målet er at Noreg skal vere blant dei mest innovative landa i Europa. Gjennom forsking og innovasjon skapar vi morgondagens arbeidsplassar. Regjeringa vil løfte konkurransekrafta til næringslivet. Vi kan ikkje vere billigast, derfor må vi jobbe smartare, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa foreslår å satse på kommersialisering av gode idear. Kommersialisering er å byggje ein forretningsmodell rundt ein idé og bringe den til nye marknader. Dette skal skje gjennom ei styrking av Forny2020 i Noregs forskingsråd med 20 millionar kroner. Forskingsprogrammet får med dette 130 millionar kronar over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet her.

Vidare foreslår regjeringa ei styrking av den landsdekkjande ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg med 110 millionar kroner. Satsinga skal føre til at gründerar og bedrifter kan teste ny teknologi og hjelpe bedriftene med å få sine fyrste kundar. Det vil vise om det er ein marknad for produkta, og føre til lettare tilgang på privat finansiering.

 – Vi meir enn doblar satsinga på etablerartilskot, samanlikna med fjoråret. Framtidas arbeidsplassar vert skapte av menneske som tør å ta ein sjanse, og som satsar på egne evner, idear og ressursar. Mange gründerar ønskjer draghjelp i ein veldig tidleg fase. Desse vil vi hjelpe fram, seier Mæland.

I tillegg kjem satsinga på marin forsking med 40 millionar kroner

I budsjettet for 2015 er det foreslått ein reduksjon i administrasjonsløyvinga til Innovasjon Noreg. Dette er ein del av regjeringa sitt arbeid for å få eit meir effektivt byråkrati og forenkle søknadsprosessane for næringslivet.

– Regjeringa vil bruke meir pengar på innovasjon og tiltak i bedriftene. Derfor vil vi også prioritere pengar bort frå administrasjon og bransjespesifikke ordningar, for å satse på forsking, innovasjon og program som er tilgjengelege for heile næringslivet, seier Mæland.

Forskingsrådet sitt program Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) finansierar forsking og utvikling med utgangspunkt i bedriftenes egne strategiar. Søknadsfristen er i oktober kvart år.

– Saman med Skattefunn er Brukarstyrd innovasjonsarena dei to viktigaste verkemidla for å støtte forsking i heile bredda av norsk næringsliv. Regjeringa foreslår derfor ei styrking av det største forskingsprogrammet hos Forskingsrådet med 70 millionar kroner, til totalt 544 millionar kroner, seier Mæland.

Nærings- og fiskeridepartementet sitt bidrag til Brukarstyrd innovasjonsarena er på 524 millionar kroner, medan Kunnskapsdepartementet gjer 20 millionar kroner. I tillegg foreslår regjeringa ei styrking av Skattefunn. Grensene for eigenutførd forsking og utvikling blir heva frå 8 til 15 millionar kroner. Samtidig blir den samla grensa for eigenutført og innkjøpt forsking og utvikling utvida frå 22 til 33 millionar kroner.

Regjeringa foreslår vidare å styrke dei teknisk-industrielle institutta med nesten 30 millionar kroner. I tillegg vil regjeringa auke støtta til program for teknologiar som har ein brei samfunnsmessig verdi, som Nano 2021, Biotek 2021, IKT 2025, med 10 millionar kroner.

Regjeringa har òg foreslått ein auke i miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg på 50 millionar kroner, til 230 millionar kronar. Ordninga skal føre til auka bruk av meir miljøvennleg teknologi, ved å støtte pilot- og demonstrasjonsanlegg.

– Skal bedrifter bruke ny miljøteknologi er dei avhengige av å vite at teknologien fungerar. Då kan testing i pilot- og demonstrasjonsprosjekt vere nødvendig. Ordninga skal både føre til at nasjonale miljømål blir nådd og at norsk industri styrker konkurransekrafta si, seier Mæland.

Satsinga på forsking og innovasjon i tal

  • 110 millionar kroner – styrke ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg
  • 70 millionar kroner – styrke Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) i Noregs forskingsråd
  • 50 millionar kroner – auke miljøteknologiordning i Innovasjon Noreg
  • 30 millionar kroner – styrke dei teknisk-industrielle institutta
  • 20 millionar kroner – styrke forskingsprogrammet Forny2020 i Noregs forskingsråd
  • 10 millionar kroner – styrke program for teknologiar som har ei brei samfunnsmessig betyding (mogeleggjerande teknologiar)

 

Les meir: Styrkar kunnskap og innovasjon for næringslivet