Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild for 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyhet | Dato: 17.12.2019
I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (nvg) blei det 24. oktober inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 525.594 tonn. Dette er i samsvar med forvaltningsplanen som er vedteken, og i tråd med rådgjevinga frå det internasjonale havforskningsrådet ICES.
Av dette har Noreg sett seg ei kvote på 399.451 tonn, noko som inneber ein norsk del på 76 prosent. Av dette er det sett av 1 000 tonn til forsknings- og undervisningsformål, 572 tonn til rekrutteringsformål og 500 tonn til agnkvoter.
I open gruppe vidarefører ein ordninga med ei avsetning på 2 000 tonn.
I lukka gruppe er overreguleringa sett til 20 prosent, dette med basis i erfaringar frå fisket i år.
I all hovudsak er reguleringa for 2020 lik reguleringa for 2019.
Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild (nvg) i 2020