Regulering av fisket etter makrell i 2018
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 15.12.2017 | Sist oppdatert: 09.01.2018
Noreg, EU og Færøyane blei 11. oktober 2017 einige om ein totalkvote for makrell på 816.797 tonn for 2018.
Dette inneber ein reduksjon på 20% samanlikna med fastsette totalkvote i 2017. Kvoten er fastsette på grunnlag av ein langsiktig forvaltningsstrategi for makrell.
Norsk kvote er 186 967 tonn, etter overføringar og avsetningar.
Etter forslag frå Noreg sin Fiskarlag blir det arbeidt med å utvikle alternative reguleringsmodellar for dei fartya som har adgang til å delta i lukka gruppe for kystflåten. Formålet er forenkling og meir føreseieleg. Reguleringa er derfor mellombels inntil forslag til forenkla reguleringsordningar føreligg. Dette vil vere på plass i god tid før hovudsesongen i fisket tek til.