Bruker nasjonale bioressursar på heilt nye og kreative måtar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 12.12.2016
Forskningsrådet deler no ut om lag 133 millionar kroner til sju nye prosjekt som skal utvikle norsk bioøkonomi vidare.
− Prosjekta har til felles at dei vil gi kunnskap som sikrar betre ressursutnytting, aukar verdien på biologisk råstoff, samstundes som dei legg til rette for nye og berekraftige næringar. Dei treff difor godt på dei områda som vert løfta fram i regjeringa sin nye bioøkonomistrategi, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Det er BIONÆR, Forskningsrådet sitt program for berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar som tildeler midla. BIONÆR er finansiert av Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Betre utnytting av norske bioressursar
Forskarane skal mellom anna finne ut korleis mykje av restråstoffet i land- og havbruk kan nyttast på nye måter. Det som tidlegare, i beste fall vart omdanna til varme eller i verste fall kasta, kan som følgje av denne forskinga sorterast ut og inngå i utvikling av nye produkt.
− Gjennom denne tildelinga får vi prosjekt som koplar kunnskap om våre fornybare naturressursar med behovet for verdiskaping. Å nytte bioressursar i nye berekraftige kretsløp vil gje viktige bidrag til å utvikle grøn konkurransekraft i norsk næringsliv, seier Fridtjof Unander, divisjonsdirektør i Forskningsrådet.
BIONÆR sin tildeling av forskningsmidler går til desse prosjekta:
- Mikroalgar til mat og fôr
Ei prosjektgruppe leia av NIBIO skal teste ut bruk av mikroalgar i produksjonen av øl og brød. I tillegg skal dei nytte fettsyrene i algar til fiskefôr. - Meir plantebasert mat
Gjennom prosessering og innovative prosessteknologiar skal ei prosjektgruppe leia av NMBU bruke belgvekstar, havre og potet til å utvikle ingrediensar og nye produkt som kan gjere det lettaare for forbrukarane å velje grønt. - Snøkrabbe som berekraftig og høgverdig kvalitetsprodukt
Sjølv om norsk snøkrabbenæring har hatt kraftig vekst dei siste tre åra, er vekstpotensialet fortsatt stort. Prosjektet blir leia av NOFIMA og skal undersøkje heile verdikjeden, frå fangst til konsument, for å finne ut korleis den vidare utviklinga av næringa kan bli berekraftig - sosialt, økonomisk og miljømessig. - Oppgradering av norske feittbiprodukt til høgverdige fettsyrar
Auka fokus på sunt kosthold og produkt med lågt feittinnhald gjer at husdyrdrifta i dag genererer store mengder overskotsfeitt frå gris, storfe og kylling. Det meste av feittet blir brukt til energiproduksjon. Det nye prosjektet, som er leia av NMBU, har som mål å auke verdien av husdyrfeittet ved å omdanne det til høgverdige feittsyrer som kan brukast i mat og fôr. - Insekt gjer avfall til ressursar
NIFES sitt nye prosjekt byggjer på at insekt omdannar organisk avfall til verdfulle protein. Difor kan insektmjøl utgjere ei høgkvalitetsproteinkjelde i dyrefôr, med spesiell relevans for fisk og fjørfe, som er insektetarar i sine naturlege miljø. - Stoff i bark frå gran og furu kan gje betre dyrehelse
Prosjektet, som er leia av Norsk senter for økologisk landbruk, skal undersøkje om restråstoff frå treforedlingsindustrien, nærare bestemt tanninar som finst i bark hjå norske bartre, kan motvirke mage- og tarmparasittar hos drøvtyggjarar om dei blir brukt i fôret. - Resirkulering av fosfor fra biprodukt frå land- og havbruk
Tidlegare forsking har vist at mengden av fosfor i biprodukt frå norsk land- og havbruk, hovedsakleg husdyrgjødsel og fiskeavfall, er meir enn fire gonger høgare enn det årlege behovet for fosfor i gjødsel. Selv om behovet er forventa å auke 12 gonger innan 2050, er ambisjonen å undersøkje om det er mogeleg å erstatte all import av mineralsk fosfor med ubrukt fosfor frå land- og havbruk, som i dag blir akkumulert i jordsmonn og akvatiske system, innan 2030. Prosjektet blir leia av NTNU.