Forslag til ny arkivlov på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 112/21 | Dato: 05.10.2021
Kulturdepartementet har i dag sendt forslag til ny arkivlov på høyring. Forslaget byggjer på utgreiinga til Arkivlovutvalet – Fra kalveskinn til datasjø – som blei lagt fram i 2019.
Høyringa - Forslag til ny arkivlov
– Digitaliseringa har endra samfunnet fundamentalt, også forvaltninga, så det er på høg tid med ei ny arkivlov, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Det blir òg foreslått at Arkivverket, som er arkivstyresmakt og statens arkivdepot, blir døypt om til Nasjonalarkivet.
– Arkiv bidreg til å sikre rettstryggleik og demokrati. Samstundes inneheld arkiva materiale som er grunnleggjande for forståinga av oss sjølve og historia vår. Derfor er eg glad for å kunne foreslå eit namnebytte. Nasjonalarkivet signaliserer betydninga av samfunnsoppdraget til Arkivverket på ein god måte, seier Raja.
No foreslår regjeringa reglar om arkivering som er tilpassa digital saksbehandling. Det blir lovfesta overordna arkivfaglege prinsipp som må følgjast utan omsyn til kva format arkiva er skapte på.
Når forvaltninga samarbeider i digitale system, kan dei avtale seg imellom kven som skal ha arkivansvar. For å leggje til rette for innsyn blir plikta til å føre journal vidareførd. Offentlege organ skal ha ein arkivplan som viser kva arkiva deira omfattar og korleis dei er organiserte.