Statsbudsjettet 2022
Eit kulturbudsjett for mangfald, aktivitet og gjenopning av kulturen, frivilligheita og idretten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 114/21 | Dato: 12.10.2021
Regjeringa foreslår ei samla løyving over Kulturdepartementets budsjett på vel 21,9 milliardar kroner.
– Kultur, idrett og frivilligheit er ei samfunnsbyggande kraft og skal vere for alle. I dette budsjettet legg regjeringa til rette for gjenopning av kultur-, frivilligheits- og idrettssektoren ved aktive grep for å stimulere til aktivitet, inkludering og økonomisk berekraft for eit mangfald av deltakarar i heile landet. Med dette håpar eg at også samfunnet vil ta kulturen, idretten og frivilligheita tilbake, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Målet for regjeringa er at kunsten og kulturlivet, idretten og frivilligheita skal spegle mangfaldet i samfunnet. Samtidig må aktørar i heile landet vere godt rusta til å auke aktiviteten og tilbodet etter pandemien. Desse prioriteringane kjem mellom anna til utrykk i følgjande forslag til kulturbudsjett for 2022:
- 26 millionar kroner til ei tilskotsordning for mangfalds- og inkluderingstiltak innan idrett og fysisk aktivitet. I tillegg er det sett av 24 millionar kroner til ordninga frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS. Det er òg lagt opp til at private middel skal inn i ordninga, slik at det blir ei samfinansiering av offentlege og private tilskot.
- 8 millionar kroner til feiring av frivilligheitsåret 2022. I tillegg er det lagt opp til ei tildeling på 12 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS.
- 20 millionar kroner er foreslått omdisponert frå Forskningsrådets avsetningar til å styrke forsking og kunnskapsutvikling om likestilling og ikkje-diskriminering.
- 284,2 millionar kroner til oppgradering og modernisering av Den Nationale Scene i Bergen og 43 millionar kronar for å legge til rette for oppstart av rehabilitering av Nationaltheatret i Oslo i 2022.
- 34 millionar kroner til utgifter i samband med Bodø skal vere europeisk kulturhovudstad i 2024.
- 17 millionar kroner til styrking av innsatsen for eit likestilt samfunn. Derav 3 millionar kroner til utvikling av TryggEst, 4 millionar kroner til å følgje opp regjeringas strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad 2021-2024, 3 millionar kroner for å følgje opp regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika 2021–2024 og 1 million kroner i driftsstøtte til Oslo Pride. Vidare 6 millionar kroner til ytterlegare styrking av tilskotsordning til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.
- 15 millionar kroner til å følgje opp tiltak i Strategi for scenekunst, som er ein viktig plan for opptrapping og styrking av det norske scenekunstfeltet. I tillegg er det satt av 10 millionar kroner frå speleoverskotet til kulturformål til etablering av nye prosjekt- og utviklingstiltak på scenekunstfeltet.
- 18 millionar kroner for å følgje opp tiltak i museumsmeldinga Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid, samt 30 millionar kroner til investeringstiltak på museumsfeltet, blant anna til rehabilitering av Ole Bulls villa Lysøen, realisering av prosjektet Skrei opplevelsessenter i Kabelvåg og prosjektet Tett på ved Hardanger fartøyvernsenter.
- 20,9 millionar kroner i auka tilskot til filmfeltet og 8 millionar kroner til opptrapping av satsinga på dataspel.
- 6,6 millionar kroner for å etablere 20 nye arbeidsstipendheimlar for kunstnarar.
– Vi vil ha eit auka mangfald av deltakarar, eit større mangfald av aktørar og utøvarar og større bredde og mangfald i kulturuttrykk og kulturtilbod. Vi skal inkludere fleire og forslaget til kulturbudsjett for 2022 tek viktige steg i denne retninga, seier Raja.
Sett bort frå dei mellombelse støtteordningar under pandemien i budsjettet for 2021, inneber budsjettet på vel 21,9 milliardar kroner ein auke på 810 millionar kroner.