Revidert nasjonalbudsjett
10 millionar kroner til VM i skiflyging og 15 millionar kroner til Olympiatoppen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 66/21 | Dato: 11.05.2021
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til å gjennomføre verdsmeisterskapen i skiflyging i Vikersund i 2022. I tillegg foreslår regjeringa 15 millionar kroner til å kompensere Olympiatoppen for meirkostnadar knytt til at dei olympiske og paralympiske leikane blei utsette til 2021.
– Eg er glad for å kunne foreslå eit tilskot som gjer det mogleg at verdsmeisterskapen i 2022 kan arrangerast i Noreg. Vikersund er ein av få stadar i verda som har ein skiflygingsbakke, og VM i skiflyging går i praksis på rundgang mellom desse. Regjeringa meiner det er viktig at ein vinteridrettsnasjon som Noreg kan halde fram med å arrangere VM i skiflyging, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
Noregs idrettsforbund og Olympiatoppen har hatt store ekstrakostnadar som følgje av at OL/PL i 2020 måtte utsettast til 2021 på grunn av Covid-19. Olympiatoppen fikk 20,5 millionar kroner i 2020 til å dekke desse kostnadane og forslaget i revidert nasjonalbudsjett på 15 millionar kroner kjem i tillegg.
– Løyvinga gir Olympiatoppen og norske deltakarar i OL og PL økonomisk tryggleik og ro i førebuingane til meisterskapen. Eg håper det vil kunne hjelpe utøvarane til å kunne yte sitt aller beste når dei reiser til Tokyo og representerer landet vårt, seier Abid Raja.