Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren presenterer ytterlegare tiltak til kultur, idrett og frivillig verksemd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 67/20 | Dato: 29.05.2020
Kulturdepartementet inviterer fredag 29. mai kl. 12:30 til pressekonferanse der kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja vil presentere ei ny utviding av kompensasjonsordningane og andre tiltak retta mot museum, kunstnarar og scenekunstinstitusjonar.
Kultur- og likestillingsministeren presenterer ytterlegare tiltak til kultur, idrett og frivillig verksemd
Sjå sendinga her
Oppmøte: Fredag 29. mai kl. 12.15. Ta med gyldig ID.
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59.
Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av koronaviruset. Departementa og SMK har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Ved stort oppmøte, kan presse bli nøydde til å følgje pressekonferansen digitalt.
Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgast direkte på www.regjeringa.no
Videofila kan også lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Ta kontakt på 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på eigne nettsider, kan bruke følgjande embed-kode:
<div id='wowza_player'></div>
<script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sj3v8j2m/wowza.js' type='text/javascript'></script>