Klagenemnd for tilskot til kulturarrangement
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 27.11.2020
Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement skal behandle klagar knytt til stimuleringsordninga og kompensasjonsordningane til kultursektoren, som er etablert som ein konsekvens av covid-19-pandemien.
Klagenemnda er oppretta og nedsett av Kulturdepartementet for perioden 1. des. 2020 til 1. des. 2021, med moglegheit for forlenging ved behov. Nemnda er uavhengig og er knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen.
Medlemmane i klagenemnda
Leiar: Tore Lunde, professor (Bergen)
Medlem: Kiran Aziz, senioranalytikar (Oslo)
Medlem: Daniel Nordgård, førsteamanuensis (Kristiansand)
Medlem: Anne Margrete Fiskvik, professor (Trondheim)
Vara: Kristina Stenvik, stipendiat (Oslo)
Vara: Nils C. Hamsund Boberg, produsent/senioringeniør (Trondheim)
Mandat
Klagenemnda skal behandle klagar i samband med Kulturrådet sine vedtak etter følgjande forskrifter:
- Forskrift om stimuleringsordninga
- Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar (mars – april)
- Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (mai – aug.)
- Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (sept.)
- Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (okt. – des.)
Bakgrunn
Smitteverntiltaka etter covid-19-utbrotet har fått store konsekvensar for kultursektoren. Sidan nedstenginga i mars har regjeringa etablert ulike stønadsordningar for å hjelpe sektoren gjennom krisa. Kompensasjonsordningane blei oppretta for å gje arrangørar og etterkvart også underleverandørar kompensasjon for tapte inntekter som følgje av avlyste arrangement. Stimuleringsordninga blei oppretta for å stimulere til auka aktivitet i kultursektoren ved å gi tilskot til gjennomføring av kulturarrangement under smittevernrestriksjonane. Norsk kulturråd forvaltar både stimuleringsordninga og dei ulike kompensasjonsordningane.
Kulturdepartementet har oppretta ei mellombels og uavhengig klagenemnd knytt til støtteordningane for å sikre ei effektiv klagebehandling og for å ivareta prinsippet om armlengds avstand i forvaltninga.