Statsbudsjettet 2018:
Styrkjer og utvidar samarbeidet med kommunane om områdesatsingar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2017
– Områdesatsingar er viktig for å skape betre levekår i bestemte bymiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å løyve omlag 170 millionar kroner til områdesatsingar i 2018. Dette er ei auke på 40 millionar kroner. Innsatsen skal betre barn og unge sine tenester innafor oppvekst og skule, dei vaksne si tilknyting til arbeidslivet og nærmiljøkvalitetar i utsette lokalområde.
– I samarbeid med kommunane utviklar vi nye innovative løysingar og styrkjer tenester og nærmiljøkvalitetar, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og kan delta aktivt i lokalsamfunn og storsamfunn, seier Sanner.
Regjeringa foreslår å auke tildelinga til Groruddalssatsinga med omlag seks millionar kroner til om lag 39 millionar kroner. Regjeringa foreslår også å auke områdesatsinga i Fjell i Drammen med to millionar kroner til omlag ti millionar kroner.
Det er starta eit arbeid med ei fornya og forlenga avtale om områdesatsing i Oslo sør. Totalt foreslår regjeringa å løyve 34 millionar kroner til Oslo sør.
Av dette foreslår regjeringa å løyve 30 millionar kroner til ein styrkja politiinnsats. Satsinga skal bidra til å førebygge kriminalitet, med særleg vekt på oppfylging av unge i risikosona og å forhindre rekruttering til kriminelle miljø. Satsinga skal bidra til mindre kriminalitet, betre integrering og trygge bumiljø.
I tillegg vil regjeringa setje av fire millionar kroner frå staten for å komme i gang med andre tiltak som vil liggje i den nye avtalen med Oslo kommune.
– Vi ser fram til å starte samarbeidet om ei fornya og forlenga områdesatsing i Oslo sør. Vi ønsker å leggje vekt på førebyggande tiltak, tidleg innsats i barnehage og skule, arbeid og meir samarbeid med sosiale entreprenørar, seier Sanner.
Regjeringa har inngått ei intensjonsavtale med Stavanger kommune og foreslår å løyve 13 millionar kroner til å gjere levekåra betre i Storhaug bydel. Avtalen inneber mellom anna at ein del av midlane skal brukast til ei særskild satsing på samarbeid med sosiale entreprenørar.
Regjeringa foreslår også å vidareføre områdesatsinga i Bergen med omlag åtte millionar kroner og til Trondheim kommune med tre millionar kroner. Regjeringa foreslår å vidareføre områdesatsingane i indre Oslo øst (bydelane Gamle Oslo, Grünerløkka og Sagene) med omlag 27 millionar kroner og på Grønland i Oslo med 17 millionar kroner. Totalt foreslår regjeringa å løyve omlag 117 millionar kroner til områdesatsingar i Oslo i 2018.
I tillegg foreslår regjeringa å løyve 20 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet til å føre vidare ei tilskottsordning for gratis deltidsplass i SFO i Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer den statlege innsatsen i områdesatsingane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.