Aukar satsinga på nordnorsk leverandørindustri med fem millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 24.11.2017
- Med satsinga "Høgare opp i verdikjeda" legg regjeringa til rette for at fleire bedrifter i nord skal ta del i veksten i landsdelen. Vi treng fleire i jobb og fleire jobbar. Verksemdene treng arbeidstakarar med rett kompetanse. Leverandørbedriftene i nord har eit godt utgangspunkt. Gjennom satsinga legg vi nå enda betre til rette for å utvikle fleire konkurransedyktige leverandørmiljø i landsdelen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
"Høgare opp i verdikjeda" er ei fireårig satsing som starta i 2017. Satsinga er ei oppfølging av regjeringa sin Nordområdestrategi. Med eit ekstra løft på fem millionar kroner, får prosjektet ei auke frå fire til ni millionar kroner i samla løyving for 2017.
- Eg har stor tru på den positive utviklinga i Nord-Noreg. Regjeringa legg no til rette for at vekstnæringane og forventa investeringar skal skape større ringverknadar i landsdelen. Fleire jobbar bidrar til sterke lokalssamfunn. Vi har difor valgt å prioritere ekstra midlar som kan bidra til fleire konkurransedyktige leverandørmiljø i Nord-Noreg, seier Sanner.
Målet med satsinga er at fleire bedrifter skal auke si verdiskaping basert på dei store ressursane og investeringane som skal gjerast i nord. Tre konkrete tiltak skal bidra til å nå målet:
- Etablere samarbeid mellom mindre leverandørar og store innkjøparar i Nord-Noreg
- Gje nordnorske verksemder tilgang til forskarar som kan løyse utfordringar dei jobbar med
- Fremje kompetanseheving i verksemder ved å etablere kontakt med utdannings-institusjonar som kan tilby etter- og vidareutdanning på prioriterte område.
Dei ekstra fem millionane skal gje ei raskare utvikling av arbeidet, og fremje samarbeidet mellom dei regionale myndigheitene, næringslivet og utdanningsinstitusjonane i den delen av Noreg der tilgangen på relevant kompetanse hos bedriftene er mest prekær.
I statsbudsjettet for 2018 har regjeringa foreslått 17 millionar kroner til satsinga. Samla for 2017 og 2018 gjev dette 26 millionar kroner til disposisjon for Sametinget, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet i Nord-Noreg.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00