Sanner vitjar gründarar og innovasjonsmiljø i Hedmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.03.2015
Innovasjon, gründerverksemd og næringsutvikling i distrikta er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner besøkjer Hedmark tysdag 24. mars.
Sanner vil mellom anna vitja Arena Heidner og Cryo Genetics på Hamar, Strandmoen næringsutvikling på Elverum, Forestia på Braskereidfoss og Skeno på Skarnes.
- Innovasjon, kunnskap og gründerkulturer viktig for å skape eit rikt næringsliv, nye arbeidsplassar og levande lokalsamfunn, seier Jan Tore Sanner.
Kl. 0900: Statsråden gjestar Fylkesmannen i Hedmark
Tema: Kommunereformen
Stad: Statens Hus, Parkg. 36, Hamar
Kl. 0950: Statsråden vitjar ARENA Heidner og teknologiselskapet Cryogenetics
Tema: Bioøkonomi, innovasjon og nye arbeidsplassar (tatt ut distrikta)
Stad: Storhamargata 44, Hamar
Kl. 1130: Statsråden besøkjer Strandmoen næringsutvikling (SNU)
Tema: Omstilling og nye arbeidsplassar
Stad: Solbærvegen 5, Elverum
Kl. 1235: Statsråden vitjar Glomdalsmuseet og utstillinga Latjo drom
Tema: Taterkultur og minoritetspolitikk
Stad: Museumsvegen 15, Elverum
Kl. 1355:Statsråden gjestar Forestia
Tema: Innovasjon og utvikling i skogindustrien
Stad: Damvegen 31, Braskereidfoss
Kl. 1610: Statsråden besøkjer gründerverksemda Skeno og Odal næringshage
Tema: inkludering og folkehelse
Stad: Stasjonsvegen 16, Skarnes
Alle vitjingane er opne for pressa unnteken besøket til fylkesmannen og SNU. Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa etter desse møta.
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Helge Kvandal, tlf. 4028 4275
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00