Eid blir med i forsøket med nedsett røysterettsalder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nyheit | Dato: 16.10.2014 | Sist oppdatert: 27.10.2014
Eid kommune i Sogn og Fjordane har takka ja til å vere med i forsøket med nedsett røysterettsalder ved kommunevalet i 2015. Eid erstattar Gol kommune, som etter vedtak i kommunestyret takka nei til tilbod om å delta i forsøket.

For departementet har det vore viktig å sikre mangfald blant kommunane som er med i forsøket.
Alle landsdelar skal vere representerte, i tillegg skal det vere variasjon i alderssamansettinga i kommunen, storleiken på kommunane og i den politiske samansettinga i kommunestyret.
20 kommunar er med i forsøket med nedsett røysterett i 2015, av dei er 10 forsøkskommunar frå 2011.