Vil hindre at nye myrer blir opna for torvuttak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 12.05.2021
Myrer lagrar store mengder karbon og er viktig for naturmangfaldet. Difor vil regjeringa hindre at nye myrområde blir opna for torvuttak.
Med endringar i eit rundskriv til Statsforvaltaren og fylkeskommunane gjer klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn det klart at dei kan fremje motsegn dersom kommunane sine arealplanar opnar for heilt nye torvuttak.
– Myrene er store karbonlager. Uttak og bruk av torv gir utslepp av klimagassar. Torvuttaka skjer dessutan ofte i ei type myr som er ein trua naturtype i Noreg. Difor er det så viktig å beskytte torvmyrene våre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Regjeringa følger opp klimaplanen
I klimaplanen varsla regjeringa at ho vil vurdere å innføre forbod mot å opne nye torvuttak. Regjeringa ha også starta utgreiing av ei avgift på utslepp av klimagassar frå uttak av torv.
- Vi ønsker å hindre at det blir gitt løyve til nye torvuttak fram til spørsmålet om forbod mot slike uttak er avklart, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
- Jord- og torvindustrien er ei næring med ein type spesialkompetanse vi treng i lågutsleppssamfunnet. Regjeringa legg opp til at næringa i framtida skal vri verksemda til meir klima- og miljøvennlege produkt. Dei vil få god tid til å omstille seg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Hindrar tørke
I tillegg til å lagre karbon, held myrene tilbake mindre flaumar og hindrar tørke. Dei siste åra har uttak og bruk av torv ført til utslepp på rundt 83 000 tonn CO2- ekvivalentar per år. Med nivået vi har i dag på uttaka, kan produsentane drive dei 27 felta som allereie er sette av i 20 år til. Det nye no er at å unngå at arealplanar som blir vedtatt, opnar opp for heilt nye torvuttak.