Revidert nasjonalbudsjett:
Regjeringa vil sikre lokal forvalting i Tanavassdraget også i 2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 11.05.2021
Regjeringa foreslår at det bli opna for å kunne gi tilskot til Tanavassdragets fiskeforvalting som kompensasjon for inntektssvikt i samband med stansen i laksefisket i vassdraget.
Som følge av den kritiske tilstanden til laksebestandane i Tanavassdraget, har norske og finske myndigheiter blitt einige om at det ikkje skal bli opna for laksefiske i vassdraget 2021. Tanavassdragets fiskeforvaltning (TF) får alle sine inntekter frå sal av fiskekort, og stansen i laksefisket vil difor medføre eit stort inntektstap for den lokale fiskeforvaltinga.
- Det er viktig å sikre kontinuitet i den lokale forvaltinga av Tanavassdraget. TF utfører en rekke viktige oppgåver i vassdraget, og har i år òg fått et hovudansvar for å administrere fisket etter andre artar enn laks. For at TF framleis skal kunne oppretthalde drifta si, foreslår regjeringa å opne for at TF kan få dekt tapte utgifter gjennom tilskot, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Det vil bli samla inn ei rekke data om laksebestandane i vassdraget den kommande sesongen, og desse vil gje grunnlag for den vidare forvaltinga. Her har både den norsk-finske overvakings- og forskingsgruppa for Tanavassdraget og TF viktige oppgåver. TF har mellom anna planlagt eit større prosjekt for å kartlegge førekomstane av andre fiskeartar enn laks og sjørøye i vassdraget.