Gjev to milliardar kroner til utvikling av grøn industri
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 29.05.2020
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Enova med to milliardar kroner i 2020 som ein del av ei grøn omstillingspakke.
Pengane skal brukast for å forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien og medverke til grøn omstilling på veg ut av krisa. Dei skal støtte opp under grøn teknologiutvikling innanfor til dømes leverandørindustrien, maritim næring og fornybar energi. På denne måten legg vi til rette for at næringslivet kan skape grøne jobbar, slik at vi går ei meir berekraftig framtid i møte.
- Vi treng ei monaleg teknologiutvikling for å kutte utslepp i eksisterande industri og utløyse vekstmoglegheitene i ny, grøn industri. Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Industrien i framtida må foreine låge utslepp med høg verdiskaping og grøn vekst, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Industriprosessar og produksjon av nye industrivarer med låge klimagassutslepp og høg energieffektivitet kan oppskalerast og vidareutviklast til dømes i metallurgisk industri og i treforedlingsindustrien. Innan havvind er det òg moglegheiter for teknologiutvikling som i tillegg kan komme utviklinga av maritim næring og leverandørindustrien til gode og medverke til at den får fleire bein å stå på. I tillegg vil til dømes teknologiutvikling innanfor område som hydrogen, batteri og grøn skipsfart kunne medverke til grøn omstilling i tråd med handlingsplanen for grøn skipsfart og regjeringa si hydrogenstrategi.
Enova er vårt viktigaste verkemiddel for stønad til teknologiutvikling som medverkar til omstillinga til lågutsleppssamfunnet, og denne løyvinga vil monaleg styrke Enova sin satsing på desse områda.
- Løyvinga på to milliardar kroner til Enova vil støtte teknologiar som tek oss nærare eit lågutsleppsamfunn med høg verdiskaping og nye vekstmoglegheiter, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Det er vanskeleg å føresjå for kva teknologiar og i kva sektor moglegheitene er størst. Det vil derfor i stor grad vere opp til Enova å avgjere korleis desse midla skal innrettast. Pengane skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien og medverke til grøn omstilling på vegen ut av krisa i tråd med omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Pengane vil vidare støtte opp under grøn teknologiutvikling innan til dømes leverandørindustrien, maritim næring og fornybar energi og skal elles forvaltast i tråd med måla og føringane i styringsavtala til Enova.