Heidrar kavliprisvinnarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 58-16 | Dato: 02.06.2016
Ni vitskapspionerar frå Tyskland, Sveits, Storbritannia og USA er vinnarar av Kavliprisen i 2016. Prisvinnarane har gjort banebrytande framsteg innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap.
– Eg vil gratulera alle dei ni vinnarane med velfortente prisar. Samfunnet kan takka føregangskvinner og -menn for kunnskap og bidrag til samfunnsutviklinga vi seinare tek for gitt. Kavliprisen anerkjenner pionerarbeidet til desse framifrå forskarane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Prisvinnarane er valde ut for direkte påvising av gravitasjonsbølgjer, oppfinninga og realiseringa av atomkraftmikroskopet og oppdaginga av mekanismar som let erfaring og nerveverksemd restrukturera hjernefunksjonen.
Kavliprisen i astrofysikk går til Ronald W. P. Drever, Kip S. Thorne og Rainer Weiss. Gerd Binnig, Christoph Gerber og Calvin Quate deler Kavliprisen i nanovitskap. Kavliprisen i nevrovitskap går til Eve Marder, Michael Merzenich og Carla Shatz.
Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet.