Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Overlevering av beredskapshjemmelutvalet si utgreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Beredskapshjemmelutvalet overleverer i morgon, fredag 14. juni, utgreiinga «NOU 2019: 13 Når krisen inntreffer» til samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP) i Justis- og beredskapsdepartementet.

Beredskapshjemmelutvalet blei nedsatt i februar 2018. Utvalet fekk i mandat å vurdere om det bør innførast ein lovregel som gir regjeringa heimel for mellombels å supplere, og om nødvendig gjere unnatak frå, gjeldande lovgiving i ekstraordinære situasjonar som ikkje blir omfatta av dagens beredskapslov. Utvalet blei vidare bedt om å utgreie om det kan vere behov for ein heimel for mellombels å suspendere eller modifisere enkeltpersonane sine rettar, i situasjonar der ressursmangel og liknande gjer det umogeleg eller svært vanskeleg å oppfylle rettane, eller der det er behov for å kunne omprioritere ressursar spesielt raskt.

Professor Benedikte Moltumyr Høgberg har leia arbeidet med utgreiinga.

Tid: Fredag 14. juni kl. 13.00
Stad: Gullhaug torg 4 A, Nydalen
Oppmøte: kl. 12.45 (for registrering)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Skjøld-Lorange, 48 16 12 27.