Statsbudsjettet 2021:
Regjeringa satsar på helsenæring og kliniske studiar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2020
Regjeringa føresler å løyve 75 millionar kroner til offentleg-privat samarbeid om helseinnovasjon og kliniske studiar.
– Regjeringa vil forsterke innsatsen for å få fleire kliniske studiar i Noreg. Vi etablerer difor NorTrials som skal vere eit partnarskap mellom næringslivet og sjukehusa om kliniske studiar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
I statsbudsjettet for 2021 føresler regjeringa å styrke løyvinga til forsking i spesialisthelsetenesta med 30 millionar kroner til etablering av NorTrials. NorTrials vil tilby éin veg inn til kliniske studiar for små og store bedrifter i næringslivet og for offentlege aktørar som vil gjennomføre slike studiar i Noreg.
Løyvinga skal mellom anna nyttast til å opprette eigne NorTrials-senter på faglege satsingsområder vald ut saman med næringslivet. Desse vil få tilført midlar til støttefunksjonar, kompetansetiltak med vidare. I tillegg skal løyvinga nyttast til marknadsføring av Noreg som vertsland for kliniske studiar og til stillingar og kompetanseheving for studiepersonell. Forslaget om å etablere NorTrials kjem etter ei utgreiing gjort av helseregionane saman med næringslivet.
Regjeringa føresler vidare å auke løyvinga til persontilpassa medisin med 30 mill. kroner til 61,3 mill. kroner. Av dette skal 25 mill. kroner nyttast til å få på plass genetisk presisjonsdiagnostikk i sjukehusa.
– Dersom vi skal konkurrere internasjonalt om kliniske studiar, må vi ha på plass moderne avansert diagnostikk. I tillegg vil slik diagnostikk gje norske pasientar betre moglegheiter til å delta i utprøvande behandling, seier Høie.
Resten av løyvinga til persontilpassa medisin går til det nasjonale kompetansenettverket og til å starte arbeidet med å etablere eit nasjonalt genomsenter. NorTrials og infrastrukturen for presisjonsdiagnostikk vil bli nærare omtalt i handlingsplanen for kliniske studiar som kjem seinare i år.
For å følgje opp helsenæringsmeldinga, foreslo regjeringa i revidert nasjonalbudsjett å opprette ordninga Pilot Helse, som er ei ny ordning for offentleg-privat samarbeid om helseinnovasjon. Regjeringa vil føre ordninga vidare i sitt budsjettforslag med ei løyving på 20 millionar kroner.
– Desse tiltaka vil legge svært godt til rette for offentleg-privat samarbeid om helseinnovasjon i Noreg i åra framover. Det er godt nytt for næringslivet, helsetenesta og ikkje minst pasientane, seier Høie.