Utgreiing om barnelova på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 14.01.2021
Regjeringa sender i dag utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov på høyring. Barnelovutvalet overleverte si utgreiing til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad 4. desember 2020.
Utvalet vart sett ned 7. desember 2018 og har mellom anna vurdert utforminga av bidragssystemet, utforminga for likestilt foreldreskap og gjennomgått barns rettar, spesielt i et internasjonalt perspektiv.
Utvalet foreslår mellom anna:
- Å løfte fram nokre sentrale menneskerettar for barn, heilt innleiingsvis i lova. Målet er å styrke barn sine rettar. I lovforslaget om dei grunnleggande menneskerettane står det mellom anna at barnet har rett til å medverke, til omsorg, utvikling og vern mot vald, og at barnet har rett til familieliv.
- Ei rettsleg nyvinning som går ut på at foreldra må ta omsyn til barnet sin rett til privatliv og personvern før dei samtykkjer til å dele personopplysningar om barnet. Foreldra må respektere det der barnet nektar deling av personopplysningar. Forslaget gjennomfører barnet sin rett til privatliv etter barnekonvensjonen.
- Fleirtalet i utvalet ønskjer å endre terskelen for når retten kan bestemme at barnet skal bu fast hos begge foreldra. Derfor foreslår utvalet at det ikkje lenger skal stå i lova at det skal "særlege grunnar" til for at retten kan fastsetje delt bustad. Dette kan innebere at fleire barn bur fast hos begge foreldra etter rettens avgjerd. Når det gjeld foreldra sine avtalar, skal utgangspunktet framleis vere avtalefridom.
- Fleirtalet i utvalet ønskjer at foreldre som har foreldreansvaret saman, skal vere einige før ein av foreldra flytter med barnet. Samstundes foreslår eit samla utval at ein skal kunne be domstolen ta ei avgjerd om det konkrete flyttespørsmålet dersom den eine vil flytte med barnet og den andre ikkje samtykkjer.
- Det bør vere fleire personar enn i dag som kan krevje at retten fastset samvær med barnet. Fleirtalet i utvalet meiner at dei med ei nær omsorgsrelasjon til barnet skal kunne krevje slikt samvær der det er til det beste for barnet.
- Utvalet foreslår til dels omfattande endringar i meklingsordninga. Etter forslaget skal foreldre som ønsker å gå til retten med ei foreldretvist først mekle i seks timer. I dag krevst berre ei time. Uavhengig av kva foreldra vil, skal barnet få ei sjølvstendig rett til å bli høyrt i meklinga.