Ny rapport viser at det framleis er ein veg å gå før tilbodet til barn og unge blir som før koronakrisa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 19.05.2020
Koordineringsgruppa som ser på tilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisen har kome med ein ny rapport. Den viser at det vert jobba aktivt med å få tenestane som jobbar inn mot barn og unge tilbake i normal drift, men at det framleis er ein veg å gå.
Koordineringsgruppa er i rapporten særleg uroa for barn og unge som ikkje møter på skule eller i barnehage, valdsutsette barn og unge og barn med funksjonsnedsettingar.
- Eg deler gruppa si særlege uro for desse barna. Derfor vil vi no sjå på korleis vi kan bidra til at tenestane følgjer opp desse gruppene spesielt. Tenestene må no vere førebudde på at det kan bli større pågang når situasjonen blir meir normal, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.
Her kan du lese tredje rapport frå koordineringsgruppa.
Tredje rapport vurderer status for oppfølginga av dei ti tilrådingane gruppa kom med i andre rapport. Rapporten ser også særskilt på barn og unge som ikkje møter på skule eller i barnehage, barn som er utsette for vald og barn og unge med funksjonsnedsettingar.
Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant dei som ikkje møter
Koordineringsgruppa har følgt særskilt med på dei barna som ikkje har møtt i barnehagen og skulen. Rapporten viser at oppmøtet både i barnehagar og skular er bra og aukande, særleg i barnehagar. Men framleis er det barn som ikkje møter, og barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant desse. Det er også grunn til å tru at dei sårbare barna er overrepresenterte. Årsaker til manglande oppmøte er sjukdom, frykt for smitte, at barn eller familiemedlemmar er i risikosona og økonomi og permitteringar.
– Nok ein gong kjem det fram at barnehage og skule er særs viktig, også for sosialisering og som ein stad der barn som strevar blir fanga opp. No er det viktig at flest mogleg får kome tilbake til eit tilbod som liknar meir på den kvardagen dei er vande med, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
Eskalering av vald i heimen og negativ sosial kontroll
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fått meldingar om elevar som har opplevd ei eskalering av vald i heimen og negativ sosial kontroll under covid-19-perioden. Dette har ofte vore frå elevar som minoritesrådgivarane har følgt opp tidlegare og som melder at situasjonen har forverra seg dei siste vekene. Minoritetsrågivarane er tilbake på skulen, og har eigne smittevernrettleiarar som dei følgjer. Dei opplever eit godt samarbeid med skulane. Men rettleiarane set føringar for elevane sine opphald på skulens område. Dette kan gjere terskelen for å ta kontakt med minoritetsrådgivarane noko høgare enn normalt.
– Minoritetsrådgivarane har fått fleire førespurnader etter at skulane opna igjen, og eg håpar det betyr at fleire får den hjelpa dei treng. Men dei får framleis færre førespurnader enn normalt. Eg er bekymra for barn og unge som blir utsette for vald og negativ sosial kontroll i heimen, og håpar at dei tek mot til seg og kontaktar minoritetsrådgivarane eller andre som kan hjelpe dei, seier Melby.
Forventar auka pågang til tenestane etter krisen
Koordineringsgruppa meiner det er sannsynleg at det vert meir vald og overgrep mot barn i krisesituasjonar som fører til meir stress i familiar. Bekymringar knytt til økonomi, jobbsituasjon og helse saman med meir sosial isolasjon kan føre til meir fysisk vald og seksuelle overgrep, inkludert overgrep på nett. Koordineringsgruppa forventar ein periode med større sakspågang enn normalt, etter at det var færre som tok kontakt med dei ulike tenestane som hjelper barn og unge under krisa.
- Vi har heile tida vore uroa over at mange barn kan ha hatt det mykje verre no under krisen. Derfor blir det særleg viktig framover å sikre at kommunane følgjer opp barn og unge som ikkje møter i barnehage eller skule, seier Ropstad.
Koordineringsgruppa
Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD), Sekretariatet for konfliktrådene (SfK) og NAV. Gruppa skal rapportere til barne- og familieministeren kvar 14. dag. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og andre sentrale organisasjonar.