Betre tilbod for sårbare barn og unge, men tenestene brukar lang tid på å kome tilbake i full drift
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 05.06.2020
Ein ny rapport viser at tilgjengelegheita til dei fleste tenester for barn og unge har blitt betre den siste månaden. Koordineringsgruppa bak rapporten er likevel uroa over at det tek lang tid å få tenestene tilbake i normal drift.
Dette er den fjerde rapporten som koordineringsgruppa som ser på tilbodet til sårbare barn og unge har levert barne- og familieministeren. Rapporten viser ei rekkje positive endringar den siste tida. Mellom anna er oppmøtet i skule og barnehage høgt og dei aller fleste skulane har god oversikt over sårbare elevar og rutinar for å følgje opp desse. Tilgjengelegheita i dei fleste tenestene har også blitt betre, mellom anna ved at færre møter har blitt avlyst. Samstundes viser rapporten at offentlege tenester bruker lang tid på å kome tilbake til normal drift, sjølv om det går utover barn og unges rett til tenester.
- Arbeidet til koordineringsgruppa viser at vi dessverre framleis har ein veg å gå for å gi dei sårbare barna eit godt tilbod, og det er vanskeleg å sjå gode grunnar til at det har tatt tid. No hastar det å få tenestene tilbake i så normal drift som muleg. Vi vil vere tett på våre underliggande etatar slik at barn og unge kan få det tilbodet dei har krav på. Vi vil følgje nøye med på vidare utvikling av tenestetilbodet, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.
Her kan du lese den fjerde rapporten frå koordineringsgruppa.
Bekymra for dei elevane ein ikkje får kontakt med
Mange barn og elevar har fått god oppfølging i perioden då barnehagane og skulane var stengde, og etter at dei opna. Oppmøtet er godt, og mange skular er merksame på sårbare elevar. Samstundes varierer det om skuleeigarane og skuleleiarane har rutinar og retningslinjer for å identifisere og følgje opp sårbare elevar.
Dei fleste av skulane har oversikt over dei sårbare elevane sine. Men nye kan ha kome til under perioden med nedstenging, og det er også nokre elevar som skulene ikkje har fått kontakt med. Særleg gjeld dette elevar på vidaregåande.
– Når skulane no har opna for fullt, skal sårbare barn og unge følges betre opp. Eg er særleg bekymra for dei elevane lærarane ikkje får tak i. Dei som var lite på skulen frå før, og som no har blitt enda meir fråverande, står i fare for å falle frå vidaregåande opplæring. Difor vil vi sette av ein halv milliard kroner for å hjelpe lærlingar og avgangselevar som slit med å fullføre denne våren, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
I tillegg er det satt av 400 millionar til sårbare barn og unge, og 170 millionar av disse skal gå til skulen.
Færre fysiske møter og omdisponert personell
Kartlegginga direktorata i gruppa har gjort, syner at alle tenestene har hatt færre fysiske møter samanlikna med før Covid-19-utbrotet. Dette gjeld for skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom, helsestasjonar og kommunalt barnevern. Statleg barnevern har hatt ein tredel færre plasseringar i april i år samanlikna med i fjor.
Koordineringsgruppa konkluderer med at det per no ikkje er grunnlag for å omdisponere frå tenestene for barn og unge. Det er særleg helsetenestene som har hatt dårlegare tilgang på personell enn normalt på grunn av omdisponeringar. Sjølv om tilgjengelegheita no har blitt betre, vert det rapportert om at over 60 prosent av tilgjengelegheita er redusert ved helsestasjon for ungdom og skulehelsetenesta.
- Helsestasjonene og skolehelsetjenesten gjør en svært viktig jobb med å være tilstede for å hjelpe barn og unge som har ulike behov. Nå som smittetallene er lave er det viktig at helsestasjonene og skolehelsetjenesten så langt det lar seg gjøre går tilbake til normal drift, sier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Kraftig nedgang i aktivitetstilbod til barn i sommarferien
Kartleggingar Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har gjort viser at det er ein kraftig nedgang i planlagde gruppeaktivitetar for barn og unge i sommar. Sju av ti respondentar melder at dei planlegg færre eller ingen aktivitetar for barn og unge. Det kjem også fram frå undersøkingane at dei store organisasjonane meiner det er vanskeleg å forstå smittevernreglane og dei fleste organisasjonane som er spurt meiner det vil verte ressurskrevjande å følgje smittevernreglane for gruppeaktivitetar.
- Eg syns det er trist at det er færre ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge i sommar. Dette er også grunnen til at vi foreslår 53 millionar ekstra til dei store organisasjonane, slik at dei kan gi barn og unge som treng det gode ferieopplevingar i år også, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.
Seks tilrådingar
Koordineringsgruppa kjem i rapporten med seks tilrådingar:
1. Styresmaktene må sjå til at konsekvensane av smitteverntiltaka ikkje vert uforholdsmessige for barn og unge.
2. Den enkelte leiar må sjå til at tenestene ikkje praktiserer strengare smitteverntiltak enn naudsynt.
3. Departementa og direktorata skal saman intensivere oppfølginga for å sikre at smitteverntiltaka ikkje er strengare enn naudsynt.
4. Skuleeigarar bør tilby sommarskule til barn og unge i forkant av skulestart for å sikre tilbod for læringsopplevingar og sosiale arenaer for utsette barn og unge.
5. Hindringar for at elevar får eit fullverdig opplæringstilbod bør fjernast, til dømes for streng regulering av gruppestorleikar og manglande skuleskyss.
6. For å oppfordre til fleire arrangement som sommerleirar bør smittevernråd klargjerast i dialog med organisasjonane som arrangerer det.
Koordineringsgruppa
Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD), Sekretariatet for konfliktråda (SfK) og NAV. Gruppa skal rapportere til barne- og familieministeren kvar 14. dag. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og andre sentrale organisasjonar.