Utgreiing om trygge rammer for fosterheimar sendt på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 18.02.2019
Barne- og likestillingsdepartementet sender i dag NOUen «Trygge rammer for fosterhjem» på høyring. Fosterheimsutvalet overleverte utgreiinga 18. desember 2018.
– Ein fosterheim skal gi barna den tryggleik, omsorg og støtte dei treng for å utvikle evnene sine og bli sjølvstendige vaksne. Det krev trygge fosterforeldre som får god oppfølging, hjelp til å leggje til rette og hjelp til korleis dei skal takle vanskelege situasjonar. Det krev også gode og føreseielege økonomiske rammevilkår, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.
Fosterheimen er det tiltaket som er mest brukt når omsorgssituasjonen er sånn at barnet ikkje kan bu saman med foreldra sine. Fosterheimsutvalet har i hovudsak greia ut korleis økonomiske rammevilkår saman med faglege rammevilkår og andre tenester i kommunen på best mogleg måte kan bidra til å støtte barnet og fosterfamilien på ein heilskapleg måte.
Formålet har vore å greie ut rammevilkåra, og å foreslå endringar som kan gjere forholda meir føreseielege for fosterheimane, gi meir tryggleik og betre tilpassa tiltak til barna og fosterfamiliane.
I NOUen frå Fosterheimsutvalet har dei mellom anna tatt føre seg og foreslått:
- Rammevilkår som støtter opp under forståinga av fosterheimen som ein familie, der barnet inngår som familiemedlem
- Omlegging av økonomiske rammer til fosterforeldre
- Tilpassing av trygd, skatt og pensjon til fosterforeldre
- Betre samordning og samarbeid mellom tenester
- Oppfølging i form av tiltak, hjelp og støtte til fosterheimen, som er tilpassa behova til barnet og familien
Høyringsfristen er 20. mai 2019.