Historisk arkiv

Kraftig satsing på utdanning og forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 1,6 milliardar kroner til å gjennomføre Kunnskapsløftet i 2006. 600 millionar kroner av det skal brukast til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar. Til forsking foreslår Regjeringa ein samla vekst i løyvingane på 1,4 milliardar kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar kroner til 75 milliardar kroner. (14.10.05).

Pressemelding

Nr.: 062-05
Dato: 14.oktober

Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett for 2006:

Kraftig satsing på utdanning og forsking

Regjeringa foreslår å løyve 1,6 milliardar kroner til å gjennomføre Kunnskapsløftet i 2006. 600 millionar kroner av det skal brukast til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar. Regjeringa satsar òg sterkt på forsking og foreslår ein samla vekst i løyvingane til det på 1,4 milliardar kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar kroner til 75 milliardar kroner.

I samband med Kunnskapsløftet ønskjer Regjeringa å løyve 400 millionar kroner til å dekkje kommunale kostnader til nye læremiddel i grunnskulen. Vidare er det gjort framlegg om å auke rammetilskotet til kommunane med 190 millionar kroner for å finansiere heilårsverknaden av timetalsutvidinga som blei innført i grunnskulen frå hausten 2005. Å utvikle nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i reforma. Det blir foreslått å løyve 80 millionar kroner til arbeidet med å ferdigstille dei resterande læreplanane i 2006.

For å styrkje rekrutteringa av forskarar foreslår Regjeringa å løyve 132 millionar kroner til dei 100 nye doktorgradsstillingane som blei oppretta frå hausten 2005, og til å opprette 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006.[JOH1] Løyvingane til grunnforsking gjennom Forskingsrådet over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er styrkte med over 250 millionar kroner. Kapitalauken i fondet for forsking og nyskaping gir ei auka avkasting i 2007 på rundt 1,4 milliardar kroner. Over områda til andre departement foreslår Regjeringa ein særleg sterk auke i løyvingane til næringsretta forsking.[JOH2]

Andre viktige saker i budsjettforslaget:

  • Kvalitetsreforma i høgare utdanning: Kvalitetsreforma blei fullfinansiert med ei løyving på 1 144 millionar kroner i 2004. Løyvingsnivået blei halde oppe i 2005, og no foreslår Regjeringa å føre det vidare og gjere det permanent. Samtidig blir budsjetta til universiteta og høgskulane styrkte med 156 millionar kroner som følgje av at talet på avlagde studiepoeng aukar.
  • Bygg i universitets- og høgskulesektoren: Regjeringa foreslår å gi 40 millionar kroner i starttilskot til to nye byggjeprosjekt i universitets- og høgskulesektoren – 30 millionar kroner til rehabilitering av Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap og 10 millionar kroner til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino. Det er vidare gjort framlegg om å løyve 75 millionar kroner til å vidareføre byggjeprosjektet ved Institutt for informatikk (IFI II) ved Universitetet i Oslo og 55 millionar kroner til å vidareføre samlokaliseringa ved Høgskolen i Vestfold. Budsjettet inneheld i tillegg forslag om 172 millionar kroner i utstyrs- og husleigemiddel til bygg som blir ferdigstilte i 2006.
  • Nettinfrastruktur: For å byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar foreslår Regjeringa å løyve 12,6 millionar kroner til Gigacampus-prosjektet. Prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane.
  • Modernisering av Lånekassa: Regjeringa foreslår å gi 93,5 millionar kroner i starttilskot til moderniseringsprosjektet i Lånekassa. Det skal sikre raskare og tryggare saksgang og eit godt servicenivå. I moderniseringsperioden foreslår Regjeringa å styrkje administrasjonsbudsjettet i Lånekassa med 11 millionar kroner.
  • Auka basisstøtte frå Lånekassa: Regjeringa foreslår å auke basisstøtta til elevar og studentar frå 8 000 kroner per månad til 8 140 kroner per månad. Auken gjeld ikkje unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.
  • Utvida lånerett for elevar og studentar ved private lærestader: Regjeringa foreslår å auke låneretten i Lånekassa til å dekkje skulepengar for elevar og studentar ved private lærestader frå 20 860 kroner til 50 000 kroner per undervisningsår. Auken gjeld ikkje unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.
  • Kompetansepolitikken: For å sikre at fleire vaksne får tilstrekkeleg kunnskap i lesing, skriving, rekning og IKT til å meistre utfordringar i arbeids- og samfunnslivet, foreslår Regjeringa å løyve 15 millionar kroner for å opprette programmet «Ny sjanse!». Det tidlegare kompetanseutviklingsprogrammet blir foreslått avvikla frå 2006.
  • Studieforbund: For å skaffe rom for andre tiltak foreslår Regjeringa å redusere tilskotet til studieforbund med 54 millionar kroner.
  • Skuleanlegg: For å gjere skuleeigarane i stand til å satse vidare på å ruste opp skuleanlegg foreslår Regjeringa å styrkje tilskotsordninga der staten gir rentekompensasjon for investeringar i nybygg og rehabilitering av skuleanlegg. Det blir foreslått å auke investeringsramma med 2 milliardar kroner til 12 milliardar kroner i 2006. Med det ligg framdrifta godt framom den vedtekne totalramma på 15 milliardar kroner[JOH3] fordelt på åtte år, og til no har over 1000 skular nytt godt av ordninga. Tilskotet blir løyvt over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Budsjettforslag etter kategori
Forslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementets til budsjett for 2006 er på om lag 96,3 milliardar kroner. Slik er fordelinga på dei ulike kategoriane:

Kategori

Område

Forslag 2006

Av dette[JOH4] låne­transaksjonar

.10

Administrasjon

214 627 000

07.20

Grunnopplæringa

6 096 156 000

07.50

Tiltak for å fremje kompetanseutvikling

785 918 000

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

20 279 951 000

07.70

Forsking

42 344 093 000

39 000 000 000

07.80

Studiefinansiering

26 560 547 000

16 890 320 000

Sum

96 281 292 000

55 890 320 000